Israel/Palestina-krisa

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulen i Volda ser med sorg og uro på situasjonen i Palestina og Israel og dei lidingar som har blitt påført sivilbefolkninga etter seinare tids krigshandlingar. Vi veit at mange av våre studentar og tilsette, samt personar i lokalsamfunnet, er svært opprørte over situasjonen.

– Høgskulen i Volda fordømmer alle brot på folkeretten. Krigshandlingane må ta slutt, sivile må skjermast og tilgangen på humanitær bistand må sikrast, seier Odd Helge Mjellem Tonheim, rektor ved Høgskulen i Volda.

– Vi har både studentar og tilsette som er fortvila og føler på uro over situasjonen, held han fram.

Det skal vere trygt og godt både å jobbe og studere ved Høgskulen i Volda, også når det er urolege tider i verda. Det kan vera ei god støtte og hjelp for tilsette og studentar å snakka om det som uroar og tyngjer. 

– For studentar har vi fleire samtaletenester med folk som er gode å snakke med, som til dømes studentrådgjevaren hjå Studentsamskipnaden i Volda, studenthumanisten og studentpresten. For tilsette er næraste leiar eit naturleg kontaktpunkt, seier rektor.

Er du student og treng nokon å snakke med?
Informasjon om samtaletenestene finn du her

Er du tilsett og treng nokon å snakke med?
Tilsette som opplever tilhøve som påverkar arbeidssituasjonen, kan ta kontakt med næraste leiar.

Del på