Jan Inge Sørbø oppnemnd som medlem i den nye Ytringsfrihetskommisjonen

Tekst: Tor Mikalsen

- Oppdatert

I statsråd fredag 14. februar vart det oppnemnd ein ytringsfrihetskommisjon, der Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda er ein av medlemmane.

Det var Kultur- og likestillingsminister Abid Raja som presenterte dei 18 medlemmane som skal sitje i kommisjonen. Raja uttalte at medlemmane har fått eit særs viktig samfunnsoppdrag. Dei skal nytte sine kunnskapar og engasjement til å utrede dei sosiale, teknologiske, juridiske og økonomiske rammene for ytringsfridom i Norge i dag. Kommisjonen skal engasjere til debatt og sjå på trugsmål mot ytringsfridomen og korleis vi kan styrke det offentlege ordskiftet. Les meir om presentasjonen på regjeringens sider.

 

Jan Inge Sørbø mottok hausten 2019 FoU-prisen ved Høgskulen i Volda for det massive forskingsarbeidet han har drive. 

Del på