Kantina med fullt tilbod – og snart julemat

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Frå onsdag av kan du nyte deilig, klassisk julemat i kantina. Elles har dei det breie tilbodet av mat som tidlegare og tek smittevern på alvor.

Ein smørblid kantineleiar i godt humør og med juletonar i strupen ser fram til å by både studentar , tilsette og andre på litt ekstra i tida fram mot jul. Frå onsdag 18. november av tilbyr Trond Bratteberg og hans kollegaer i kantina på høgskulen julemat av beste sort.

På menyen står Volda-produsert pinnekjøtt frå Johs. Jacobsen Kjøtt med rotmos og anna godt tilbehøyr. Til svineribba kan dei freiste med blant anna heimelaga surkål, og desserten er den alltid like smakfulle riskremen med raud saus.

Sosiale stunder

– Eg håper folk kan få til nokre gode sosiale stunder rundt julemat eller anna mat vi serverer i kantina. Følger ein smittevernråda er det framleis trygt, og ikkje minst kan det gjere godt, å vere saman med andre i denne tida. Og kva er betre enn å samlast rundt litt god mat, undrar Bratteberg seg over.

Han sel også julegraut, og ser ikkje bort i frå at det kan hamne ein mandel eller sju i grautgryta. 

– Vi som jobbar i kantina vil gjere vårt for at vi alle skal få ei førjulstid på høgskulen og det vil garantert kome litt julesong frå bak på kjøkkenet, smilar kantineleiaren.

Mykje freistande på menyen

Utanom den freistande julematen får du også kjøpt anna mat i kantina.

– Vi har eit fullverdig tilbod med graut, suppe, salatbar, påsmurte brødvarer, ymse smått og stort frå varmeskap, snop å søtsaker, tacofredag, balltorsdag (også glutenfri ball) og vegansk og vegetariansk mat, fortel Bratteberg.

Smittevern og endra opningstid

Kantina er påpasseleg med smitteverntiltak og har eigne rutine dei følger. – Vi desinfiserer kontaktflater og dressingflasker og anna jamleg gjennom dagen, og vi har handsprit både ved inngang og på diskane rundt i utsalet.

Grunna endra behov endrar kantina opningstidene litt fram mot jul. Frå måndag 16. november vil dei opne kl. 09.30. Om det er tilsette eller andre på høgskulen som ønsker å bestille mat som skal være klar før dette, ordnar kantina gjerne det.

Har du spørsmål, ta kontakt: trond@sivolda.no
 

Del på