– Kom til Volda til studiestart

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Beskjeden frå leiinga ved Høgskulen i Volda er like hjartevarm som den er krystallklar: Alle som skal begynne å studere eller halde fram med studia sine i Volda, bør komme hit til studiestart til hausten. Hjarteleg velkomen, vi skal ta godt vare på dykk!

Det blir jobba intenst med å få klar alle detaljane rundt studiestart ved Høgskulen i Volda (HVO). Alt er ikkje på plass enno, men det planleggast for ei fysisk opning av studieåret i august.

Den offisielle opninga, som er sett til 18. august, arbeider ein med ulike løysingar for. Men ei opning i Volda i ei eller anna form er ein sikker på å få til. Meir om ulike alternativ kan du lese meir om litt lengre ned i artikkelen. 

– Ordne deg bustad

Slik situasjonen er i dag, er leiinga ved HVO også ganske så sikre på at det vil bli gjennomført fysisk undervisning for studentane i Volda frå hausten 2020. Det blir arbeidd hardt med å få kabalen med undervisningsrom til å gå opp, og ein kan difor ikkje garantere for kven som får fysisk undervisning eller kor mykje dei ulike utdanningane får av det. Med regelen om avstand på ein meter, er romkapasiteten ved høgskulen over halvert. Ein vurderer andre lokalar i Volda som ein eventuelt kan få leige.

– Den viktigaste beskjeden eg har til studentane, er at dei må ordne seg bustad og kome til Volda til studiestart, seier Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved HVO.

Les meir om korleis du kan skaffe deg studentbustad.

Stort sosialt utbytte

Tonheim fortel at dei gjer alt dei kan for at alle, som etter planen skal ha fysisk undervisning i Volda, skal få det til ei viss grad. Det ligg an til at ein vil kombinere det med digital undervisning.

– Vi ser at det fysiske møte mellom faglærar og student er viktig, og jobbar hardt for å få til det, seier prorektoren.
Sjølv om den fysiske undervisninga vil kunne bli noko redusert, ser prorektoren mange gode grunnar for at studentane skal vere i Volda.

– Det er mykje som skjer i Volda sjølv om delar av undervisninga kanskje blir digital. Fadderveka vil gå føre seg i ein koronatilpassa form og vi ønsker eit levande høgskuleområde. Ein kan framleis gå innom kontoret til faglærarane og få rettleiing og jobbe i kollokviegrupper, påpeikar Tonheim før han understrekar noko som betyr mykje for han:

–  Å opparbeide seg eit sosialt miljø i Volda er viktig for studentane – det skapar trivsel og samhald i studiekvardagen. Det lettar også kommunikasjonen om ein skal ha kontakt digitalt i samband med studia. 

Ulike alternativ for opning av studieåret

Per i dag er det sett forbod mot arrangement med meir enn 500 personar ut august, og den øvre grensa er 200 personar. Difor vil ein forsøke å spreie studentar og tilsette rundt om på høgskuleområdet i samband med opninga av studieåret. Eit alternativ er å ha fleire storskjermar spreidd utover som en kan følgje opninga frå, eit anna er å dele studentane opp slik at halvparten får med seg opninga på skjerm før lunsj og den andre halvparten etter lunsj, medan det også er aktuelt å spreie opninga over to dagar.

 

Lurer du på noko om studiestart? Vi har samla informasjon om alt frå registrering til tips om bustad og reise på studiestartportalen vår!

Del på