Koronastatus: Digitale eksamenar og digital undervisning

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Eksamenar ved Høgskulen i Volda skal i all hovudsak vere digitale, og undervisninga det same ut januar 2022.

Frå og med fredag 10. desember vart alle skriftlege skuleeksamenar lagt om til digital heimeeksamen ved Høgskulen i Volda (HVO). Praktiske eksamenar kan gå som planlagt med forsterka smittevern. Frå og med måndag 13. desember vart alle munnlege eksamenar, som utgangspunkt,  gjort om til digitale eksamenar. Konteeksamen skal ha same eksamensform som ordinær eksamen.

Undervisning og praksis

All undervisning skal, som utgangspunkt, vere digital ut januar 2022. Det kan vere unntak, til dømes for praktisk undervisning og informasjon om dette vert gitt direkte i emnerom i Canvas. Informasjon om korleis undervisning blir i februar, kjem så snart som råd i januar.
Praksis for studentar som skal ha det i januar 2022 går som planlagd.

Bibliotek og kantine

Ein vil redusere talet sitteplassar i biblioteket og kantine for å sikre at folk kan halde avstand og sørge for smittevernfagleg forsvarleg drift i tråd med nasjonale retningslinjer.

Generelt smittevern

Regjeringa tilrår at vi har minimum 1 meters avstand og at vi reduserer talet på nærkontaktar. Det betyr at HVO skal legge til rette for 1 meters avstand i alt vi arrangerer. Ikkje gløym grunnreglane: Hold avstand, vask hendene ofte og grundig og hald deg heime dersom du er sjuk.

Dei nasjonale tiltaka

Alle dei nye nasjonale tiltaka kan du sjå her. Her er informasjon særskild for vår sektor.

Testing og vaksinering

For informasjon om Covid-19-testing og vaksinering i Volda, sjå Volda kommune sine heimesider

Har du spørsmål?

Lurer du som student på noko, ta kontakt med Studentsørvis.

Er du NY student og skal starte opp i januar 2022? Sjå her for kva førebuaingar du må gjere og få også andre gode tips.

Del på