Koronatesting på Volda ungdomsskule

Tekst: Per Straume , Foto: FHI

- Oppdatert

For å gjere koronatesting meir tilgjengeleg blant anna for studentar i Volda, vil det framover vere mogleg å ta testen på Volda ungdomsskule.

I samarbeid med personell frå teststasjonen for Ørsta og Volda kommune, vil det verte tilbod om å ta koronatest ved Volda ungdomsskule i tida framover.

Dette tilbodet er spesielt retta til folk i Volda som har utfordringar med å kome seg til teststasjonen i Hovdebygda.
 


Alle med symptom, nærkontakter, samt dei som er tilreisande frå områder med høgt smittetrykk vil bli testa.


Teststad: Volda ungdomsskule, gymsal 1.
 
Viktig informasjon om testinga:

  • Bestill time på førehand. Dette kan ein gjere på koronatelefonen til Ørsta og Volda kommune (tlf. 700 58 960).
  • Møt opp så presist som mogleg, for å unngå at det vert unødig kø.
  • Hald minst 2 meters avstand til andre.
  • Bruk munnbind dersom du har luftvegssymptom eller kjenner deg sjuk på anna vis.
  • Gå rett inn og rett ut av området for teststasjonen.

Testresultat:
Svaret kan ein finne på helsenorge, eller ved å ringe koronatelefonen i opningstida. Ein
kan rekne med å få svaret på koronatesten i løpet av 2 dagar.
 
Meir informasjon om koronatestar kan du finne på:
https://www.volda.kommune.no/beredskap/
https://www.fhi.no/
 

23 studentar nytta høvet til å ta ein koronatest på Høgskulen i Volda torsdag 7. januar.

Del på