Kunstnaropphald hjå Seanse ope for søking

Tekst: Kristian Glomnes Selon , Foto: Seanse HVO, Kristian Glomnes

- Oppdatert

Seanse - senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda er einaste i landet som tilbyr kunstnaropphald for prosjekt innan alle kunstsjangrar. Både enkeltkunstnarar og grupper er velkomne til å søke! I år vert samlingane i veke 24, 25, 42 og 43. 


Tema, tilnærming(metode) og innhald i kunstuttrykka kan være forskjellige med ulike former for medverknad være seg førestillingar, verkstader eller anna.

I tillegg til at dei vurderer alle type prosjekt er det i 2023 ei særleg oppfordring til kunstnarar i eksil om å søke opphald. Gode fortellingar og kunstnariske uttrykk kan bidra konstruktivt i områder med konflikt og krig. Seanse vil difor støtte kunstnarar som på ulikt vis ønskjer å bidra gjennom sitt arbeid.
 

Collage som utsmykking. Frå tidlegare kunstnaropphald. Foto: Kristian Glomnes, Seanse.


Seanse tilbyr:


• Gode arbeidsforhold i eigne lokale på Høgskulen i Volda
• Rettleiing av mentorer med kunstnarisk og barnefagleg kompetanse
• Deltaking i et tverrkunstnarisk kunstnarkollegium
• Honorar, reise og opphald.
• Foto/video

 

Sidan 2004 har over 794 kunstnarar, nasjonale og internasjonale involvert i 370 produksjonar vore på kunstnaropphald. Seanses mål er å medverke til kvalitetsproduksjonar, kompetanseutvikling og nyskaping innan kunst for og med barn, unge og andre.

 

 Ariadnes Tråd, frå kunstnaropphald 2022. Foto: Kristian Glomnes, Seanse.
Ariadnes Tråd, frå kunstnaropphald hausten 2022. Foto: Kristian Glomnes, Seanse.


Seanse er ein nasjonal utviklingsarena for kunstproduksjon innan alle sjangrar. I tillegg til kunstnaropphald arrangerer vi kunstnartreff, kunstverkstader, konferansar, webinar og ein Småkunstfestival kvart 3. år (barn 0-6 år). Seanse har mange samarbeidspartnarar, og har initiert det internasjonale nettverket ITAC Conferences and Collaborative.

Seanse er støtta av Møre og Romsdal Fylkeskommune, Kulturdirektoratet, Kunnskapsdepartementet og Høgskulen i Volda. 

Frå kunstnaropphald 2022 og den store fantasitesten under tilbakemeldinga. Foto: Kristian Glomnes, Seanse.
Frå kunstnaropphald 2022 og den store fantasitesten under tilbakemeldinga. Foto: Kristian Glomnes, Seanse.

Del på