Kva skjer i Volda i 2020?

Tekst: Per Straume , Foto: Simon Sjøkvist

- Oppdatert

Studentar i Volda kan glede seg over eit år som er fylt til randen av høgdepunkt! I 2020 blir det ikkje vanskeleg å finne gøyale og viktige arenaer for å dele gode stunder med medstudentar.

Vi har forsøkt å samle ei liste over arrangement og festivalar i Volda i 2020. I tillegg til dei som er lista opp her, er det mange mindre arrangement og aktivitetar, gjerne i regi av dei mange studentorganisasjonane som finst i Volda. Les meir om det nedst i artikkelen.
 

Gratis jobbsøkarkurs 4. februar

Lyst på draumejobben? Då er kursing i alt frå søknadsskriving til intervjuteknikk ein skikkelig god start! 4. februar inviterer Høgskulen og Studentparlamentet i Volda til jobbsøkjarkurs i samarbeid med LO Møre & Romsdal og kurshaldar Kent Logan Jelle.

Internasjonal dag 12. februar

Internasjonal dag har eit program spekka med musikk, fargerike stands, smaksprøver frå ulike nasjonalrettar, interessante gjestetalarar og meir. Dei internasjonale studentane ved HVO står på stands for å presentere sine heimeuniversitet og sine heimland. Kvart år er det også ein kjend hovudgjest.

VEKA 9. – 22. februar

VEKA byr alltid på mykje moro av svært variert karakter. På programmet står det alltid kjende artistar, skidag og Vekerevyen. I år skal blant anna Lars Vaular, Gabrielle og Vamp spele for det musikkelskande Volda-publikummet.

X2 Festivalen 16. – 19. april

Under X2 Festivalen 2020 kan du delta, eller være tilskodar, til ein haug av ekstreme sportar, interessante foredrag frå våre internasjonale foredragshaldarar, eller berre slå deg laus på konsertgolvet med nokre av dei beste artistane Norden har å by på!

ITS Volda 20. – 22. april

ITS Volda er ein konferanse som samlar lærarutdannigsstudentar og tilsette frå fleire europeiske land for å dele idear og perspektiv om fysisk aktivitet og utendørsaktivitet. Gjennom praktiske øvingar, workshops og forelesningar vil programmet omfatte både praktisk erfaring, samt innsikt i pedagogiske teoriar og aktuell forsking på temaet.

Den norske dokumentarfilmfestivalen 22. – 26. april

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er den største og eldste i sitt slag i Noreg og trekkjer til seg dokumentarfilmskaparar frå inn- og utland. Festivalen som på folkemunne går under Dokfilm, er ein attraktiv sosial møtestad for tidlegare og noverande Volda-studentar og lokalbefolkninga.

Fyrstehjelp i eksamenstida 25. – 29. mai

Her følger ein opp suksessen frå november 2019 der blant anna nyttige kurs om eksamenstress, skrivehjelp, kveldsmat i kantina, ein til ein-samtalar og gode råd til bruk av kjelder vart ein braksuksess blant studentane. 

Fadderveka startar 18. august

Studieåret opnar med Fadderveka – ei veke fullspekka av ulike arrangement og aktivitetar. Fadrane gjer alt for at nye studentar skal få ein knallstart på studielivet i Volda.

Animation Volda i september

Animation Volda er ein årleg festival arrangert av animasjonsstudantene ved Høgskolen i Volda, Norge. I løpet av fire dager vert animasjonsmediet utforska gjennom foredrag, workshops, gjesteforelesere, visninger og fester. Festivalen tiltrekker seg internasjonale kapasitetar innan animasjonsmiljøet.  

Forskingsdagane 17. – 22. september

Forskingsdagane gjev kvar år eit eineståande høve til å vise fram breidda i forskinga ved høgskulen til eit variert publikum både lokalt og regionalt. I 2020 vert Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda arrangert 17.- 22. september (gjeld arrangement på HVO-campus), med det nasjonale temaet "Hjernen".

Psykisk helse-månad i oktober

Fleire arrangement vil sette psykisk helse på dagsordenen og ufarliggjere temaet gjennom heile oktober. Det gode initiativet frå 2019 blir følgd opp, då mellom anna psykolog Peder Kjøs kjend frå NRK-serien «Jeg mot meg», snakka til og med studentane. Følg med og sjå kva som kjem på programmet i år.

Fyrstehjelp i eksamenstida i november

Her følger ein opp suksessen frå november 2019 der blant anna nyttige kurs om eksamenstress, skrivehjelp, kveldsmat i kantina, ein til ein-samtalar og gode råd til bruk av kjelder vart ein braksuksess blant studentane. 

 

I tillegg til dette er det utruleg med liv og røre rundt om i Volda. Pangaia gjer mykje sosialt for alle studentar i Volda, på Rokken er det full rulle året rundt med kulturell moro. Alle studentorganisasjonane i bygda er med på å komplettere dette med sine arrangement og fine påfunn. 

Hold deg oppdatert ved å følge Høgskulen i Volda på Snapchat (hivolda) og Facebook
 

Del på