Kva skjer i Volda i 2022?

Tekst: Per Straume , Foto: Joakim Riise

Studentar i Volda kan glede seg over eit år som er fylt til randen av høgdepunkt! I 2022 blir det ikkje vanskeleg å finne gøyale og viktige arenaer for å dele gode stunder med medstudentar.

Vi har forsøkt å samle ei liste over arrangement og festivalar i Volda i 2022. I tillegg til dei som er lista opp her, er det mange mindre arrangement og aktivitetar, gjerne i regi av dei mange studentorganisasjonane som finst i Volda. Les meir om det nedst i artikkelen.

Nyleg arrangerte Høgskulen i Volda Internasjonal dag der studentane blant anna fekk eit innblikk i kvar dei kan reise på utveksling, som inneber universitet i over 40 land. Og i dag går startskotet for VEKA i Volda!

 

VEKA 11. – 26. februar

VEKA byr alltid på mykje moro av svært variert karakter. På programmet står det blant anna kjende artistar, glam og glitter med musikkonkurransen Vekavision, Vekerevyen og standup med Henrik Fladseth. I år skal Staysman, brenn. og Fieh spele for det musikkelskande Volda-publikummet.

X2 Festivalen 31. mars – 3. april

Under X2 Festivalen 2022 kan du delta, eller være tilskodar, til ein haug av ekstreme sportar, interessante foredrag frå våre internasjonale foredragshaldarar, eller berre slå deg laus på konsertgolvet med nokre av dei beste artistane Norden har å by på!

X2 Festivalen
Foto: Knut Landsverk Rensvik

Den norske dokumentarfilmfestivalen 20. – 24. april

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er den største og eldste i sitt slag i Noreg og trekkjer til seg dokumentarfilmskaparar frå inn- og utland. Festivalen, som på folkemunne går under Dokfilm, er ein attraktiv sosial møtestad for tidlegare og noverande Volda-studentar og lokalbefolkninga. 

ITS Volda 25. – 26. april

ITS Volda er ein konferanse som samlar lærarutdannigsstudentar og tilsette frå fleire europeiske land for å dele idear og perspektiv om fysisk aktivitet og utendørsaktivitet. Gjennom praktiske øvingar, workshops og forelesningar vil programmet omfatte både praktisk erfaring, samt innsikt i pedagogiske teoriar og aktuell forsking på temaet.

Bygdepride 7. – 14. mai

Bygdepride blei den første prideparaden i distrikts-Noreg då den vart marsjert i gang i 2018 med eit folkehav i paraden og langs gatene i Volda. Det var starten på eit eventyr som også held fram i 2022. No har det blitt til ei veke med feiring, konsertar og fleire andre kjekke arrangement.

17. mai 

Studentane har sin eigen plass i toget under høgskulen, eller dei kan gå under andre faner i toget. Mange studentar har det veldig og sosialt på nasjonaldagen og møtes ofte til en felles frukost og har det gøy saman.

Fyrstehjelp i eksamenstida i mai

Her følger ein opp suksessen frå tidlegare år der blant anna nyttige kurs om eksamenstress, skrivehjelp, kveldsmat i kantina, ein til ein-samtalar og gode råd til bruk av kjelder vart som har vore ein braksuksess blant studentane tidlegare

Fadderveka startar 16. august

Studieåret opnar med Fadderveka – ei veke fullspekka av ulike arrangement og aktivitetar. Fadrane gjer alt for at nye studentar skal få ein knallstart på studielivet i Volda.

Fadderveka

Animation Volda i september

Animation Volda er ein årleg festival arrangert av animasjonsstudantene ved Høgskolen i Volda, Norge. I løpet av fire dager vert animasjonsmediet utforska gjennom foredrag, workshops, gjesteforelesarar, visningar og festar. Festivalen tiltrekk seg internasjonale kapasitetar innan animasjonsmiljøet.  

Forskingsdagane 23. – 28. september

Forskingsdagane gjev kvar år eit eineståande høve til å vise fram breidda i forskinga ved høgskulen til eit variert publikum både lokalt og regionalt. I 2022 vert Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda arrangert 23.- 27. september , med det nasjonale temaet "Hav".

Fyrstehjelp i eksamenstida i november

Her følger ein opp suksessen frå tidlegare år der blant anna nyttige kurs om eksamenstress, skrivehjelp, gratis frukost, kveldsmat i kantina, ein til ein-samtalar og gode råd til bruk av kjelder vart ein braksuksess blant studentane. 

Musikkfestivalen Bygdesus, med Studenthuset Rokken som scene, har tidlegare blitt arrangert i oktober. Kanskje vil den også bli arrangert da i år også.

Frå vinkveld til e-sport 

I tillegg til dette er det utruleg med liv og røre rundt om i Volda. Pangaia gjer mykje sosialt for alle studentar i Volda med blant anna internasjonale kvelder, på Studenthuset Rokken er det full rulle året rundt med kulturell moro. Alle studentorganisasjonane i bygda er med på å komplettere dette med sine arrangement og fine påfunn.

For dei som elskar quiz er Volda staden. På Rokken er det quiz kvar onsdag, medan Tredet, som er både ein kafé og bar, har jamleg quiz. På Tredet er det også temakveldar, konsertar, stand up og anna moro.

Temakveldar byr også restauranten Brør mat og bryggeri på. Dei hadde nyleg ein vinkveld med eigen vinkelner. 

Volda er i høgste grad også ei idrettsbygd, og her er det absolutt kampar som er verdt å få med seg for den idrettsinteresserte. KFUM Volda sitt kvinnelag spelar i eliteserien i volleyball, Volda handball sitt kvinnelag kjempar i toppen av 1. divisjon, begge spelar i den flunkande nye og flotte Volda Campus Sparebank1 Arena. Volda sitt herrelag i fotball spelar i 3. divisjon og kvinnelaget i 2. divisjon.

Volda E-sport

Er du interessert i e-sport? Volda E-sport er ein breiddeklubb som jamt og trutt arrangerer turneringar, i tillegg til treningar. Dei har mellom anna hatt turneringar i det nye mediehuset på høgskulen, der medieproduksjonsstudentar har laga mange timars livesendingar av turneringane. 

Hold deg oppdatert ved å følge Høgskulen i Volda på Instagram og Facebook

Del på