Kven merkjar seg ut i undervisingskvalitet?

Tekst: Karl August Swanstrøm , Foto: Vasco Pinhol

- Oppdatert

No kan studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda nominere ein eller fleire forelesarar som dei meiner fortener å vinne pris for kvalitet i utdanninga 2022. 

Du har kanskje tenkt over at den og den forelesaren er så flink og legg ned ein slik innsats som gjer at undervisninga og utdanninga blir ekstra god? Det er slike kandidatar ein er ute etter når ein skal dele ut pris for kvalitet i utdanninga.

– Det kan vere ein einskild person eller ei gruppe av undervisarar ved Høgskulen ein nominerer – det er valfritt. Ei gruppe kan til dømes vere alle som underviser på ei bachelorgrad eller liknande, fortel Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved Høgskulen i Volda.

Vil ha studentane si stemme

Prorektoren er tydeleg på at prisen skal henge høgt og at den er viktig for høgskulen. Til sjuande og sist er det studentane som skal få nyte godt av den. 

– I og med at prisen set fokus på kvalitet i utdanninga er det ein del av kvalitetssystemet vårt som skal sikre at vi tilbyr gode utdanningar.

– Nomineringar frå studentar vil vere med på å synleggjere kva dei set pris på ved utdanninga si. Det er viktig at studentane seier kva dei meiner er god kvalitet, synest Tonheim.

Prisen er på 30.000 kr til ei enkeltperson og 50.000 kr til fagmiljø. Prisen skal nyttast til tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling med tanke på kvalitet i utdanning, til dømes studiereiser, konferansar, miljø- og nettverksbygging eller utstyr til utdanningsarbeid.

Her kan du nominere kandidaten du ønsker!

Statuttene for prisen finn du her

Frist for å nominere er 20. oktober.

Del på