Kven synest du bidreg til best undervisning ved høgskulen?

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

No kan studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda nominere ein eller fleire forelesarar som dei meiner fortener å vinne pris for kvalitet i utdanninga 2021. 

Du har kanskje tenkt over at den og den forelesaren er så flink og legg ned ein slik innsats som gjer at undervisninga og utdanninga blir ekstra god? Det er slike kandidatar ein er ute etter når ein skal dele ut pris for kvalitet i utdanninga.

– Det kan vere ein einskild person eller ei gruppe av undervisarar ved Høgskulen ein nominerer – det er valfritt. Ei gruppe kan til dømes vere alle som underviser på ei bachelorgrad eller liknande, fortel Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved Høgskulen i Volda.

Her kan du nominere kandidaten du ønsker!

Fristen for å nominere er 31. oktober.

Formidling og samhandling

Prisen er ein årleg pris som er oppretta for å anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle den samla utdanningskvaliteten innan eit fagområde, studium eller eit emne ved Høgskulen i Volda. 

Ved tildeling av prisen skal det leggast vekt på systematisk innsats for å utvikle kvalitet i utdanninga og god tilrettelegging for studentane sitt læringsarbeid. Det blir lagt vekt på god evne til formidling og samhandling med studentane, og bruk av nyskapande, varierte og studentaktive arbeids- og vurderingsformer. Systematisk arbeid med mellom anna forskingsbasert undervising, internasjonalisering og studentevaluering vil også kvalifisere for prisen, i tillegg til innsats for eiga fagleg og pedagogisk utvikling.

Sjå statuttane for prisen her.

– Ikkje berre undervisning

Prorektor Tonheim presiserer at det ikkje er berre sjølve undervisninga som kan vere grunnlag for å vinne prisen. 

– Undervisninga er viktig, men det er berre ein del av det. God organisering, informasjonsflyt, tilbakemeldingar, vurderingar. Det er mykje som kan vere med på å gi god kvalitet i ei utdanning, og som studentar og tilsette kan bruke i sine grunngjevingar når dei nominerer.

For å vinne prisen er det viktig at det gode arbeidet har gått føre seg over tid og ikkje er ei enkelthending.

– Det er ikkje nok å ha hatt ei fantastisk forelesing til dømes. Det skal vere systematisk godt arbeid med kvalitet i utdanninga, presiserer Tonheim.

Vil ha studentane si stemme

Prorektoren er tydeleg på at prisen skal henge høgt og at den er viktig for høgskulen. Til sjuande og sist er det studentane som skal få nyte godt av den. 

– I og med at prisen set fokus på kvalitet i utdanninga er det ein del av kvalitetssystemet vårt som skal sikre at vi tilbyr gode utdanningar.

– Nomineringar frå studentar vil vere med på å synleggjere kva dei set pris på ved utdanninga si. Det er viktig at studentane seier kva dei meiner er god kvalitet, synest Tonheim.

Kan vinne opp til 50.000 kroner

Prisen er på 30.000 kroner til enkeltperson og 50.000 kroner til fagmiljø. Prisen skal nyttast til tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling med tanke på kvalitet i utdanning, til dømes studiereiser, konferansar, miljø- og nettverksbygging eller utstyr til utdanningsarbeid.

Utdanningsutvalet ved Høgskulen i Volda vil vurdere alle nominasjonane og gi ei anbefaling til Høgskulestyret, som tildeler prisen. 

Alle tilsette, studentar og formelle høgskule- og studentorgan kan kome med framlegg til kandidatar. Forslaga skal vere grunngitte.

Del på