Lanserer eigen podkast for Volda-studentar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Første episode av den flunkande nye podkasten, Podkrastinasjonen, vart sloppe måndag 11. mai! Få med deg premiera på podkasten som skal ta opp det studentane i Volda bryr seg om, send inn dine forslag til det du vil høyre meir om og få ein litt betre studiekvardag.

– Innhaldet vil variere alt etter kven vi har ein prat med, og kva studentane ønskjer at vi skal tematisere. No i desse tider er sjølvsagt eksamenstida og koronakvardagen aktuell. Dette er uansett ikkje ein koronapodkast, men eit konsept vi ønskjer skal overleve pandemien, seier Lone Ellingvåg Knutsen og Eli Anne Løksa.

Dei er høvesvis studenthumanist ved Høgskulen i Volda og studentrådgjevar ved Studentsamskipnaden i Volda og debuterer no som podkast-programleiarar. Om podkasten ikkje skal vere veldig koronainspirert framover, var ideen til den nye lyttebabyen deira definitivt det. 

HER KAN DU LYTTE TIL DEN FØRSTE EPISODEN AV PODKRASTINASJONEN

Kva treng studentane for å trivast?

Dei klødde seg i hovudet for å finne ut korleis nå Volda-studentane no som ingen er på høgskuleområdet og nesten ingen er i Volda. Etter det vart Podkrastinasjonen fødd. Duoen har krumma nakken, kasta seg ut i det med eit stort smil og er no klare for lansering.

– Målet med podkasten er å lytte til studentane. Både i at det er dei som er gjestar, men også at studentane kan sende inn forslag til kva vi bør tematisere. Forslag kan sendast til velferdsgruppa@hivolda.no , fortel Knutsen.

Ho og Løksa er ein viktig del av Velferdsgruppa som prøver å gjere det vesle ekstra for at studentane i Volda skal ha det kjekt og føle seg trygge, sett og ivaretatt. 

– Akkurat kva studentane treng for å trivast og ha det fint, både i studiane og elles er noko vi i Velferdsgruppa prøvar å møte på ulike måtar. Studentar er ikkje ei homogen gruppe, dei er like ulike dei som alle andre, så å finne svaret på kva alle studentar treng er ofte svaret på kva vi alle treng og det vi alle prøvar å finne ut av i liva våre, men kanskje i ulike kontekstar, forklarar studentrådgjevar Løksa.

Avslørar dei første episodene

I første episode gjestar Trym Rimmen studio. Han er musikkstudent og held no på å skriv ferdig bacheloroppgåva si. Rimmen er også akkurat blitt attvalt som leiar for studentparlamentet, og er opptatt av å jobbe for at det å vere student i Volda skal vere så fint som mogleg.

Trym Rimmen
Første gjest: Trim Rimmen

– Første episode handlar om studentkvardagen slik den er no, og korleis studentgjesten vår, Trym, har funne si løysing på det. Vi tek opp tema som prokrastinering, struktur og det å vere litt snill med seg sjølv, avslørar Knutsen og Løksa som har fleire godbitar å kome med om ikkje lenge:

– I andre episode skal vi snakke med førsteårsstudent Aksel, som skal ha heimeeksamen dagen etter, og vi får høyre om han føler seg klar for det. I tredje episode tek vi ein prat med Elin Gundersen frå biblioteket som i desse tider gir råd om oppgåveskriving og kjeldesortering til studentar over internett. 

Fram mot sommaren vil det kome nye episodar jamleg, og etter ein liten sommarferie vil dei halde fram med nye gode lyttaraugneblink til hausten igjen. 

Kva betyr podkastnamnet?

No er du kanskje litt klokare på kva du kan forvente av høgskulens nye podkast, men er det ikkje framleis ein stor elefant i rommet? Podkrastinasjonen? Kva i alle dagar slags namn er det på ein podkast og kva skal namnet bety? Vi let damene bak verket forklare oss:

– Podkrastinasjonen spelar på omgrepet prokrastinering, som kanskje er ein enno meir «smittsam sjukdom» blant oss menneske, enn koronaviruset. Prokrastinering er utsetjingsåtferd, altså at vi gjer noko anna ein det vi eigentleg hadde planlagt eller tenkt. Ofte fordi det vi helst skulle ha gjort er noko vi syns er kjedeleg eller vanskeleg å motivere seg for. Ofte gjer vi då noko anna som kan verke nyttig eller som vi stressar ned med, som for eksempel å sjå seriar eller lage tellekantar i klesskapet. Dette er nok særleg lett å kjenne seg igjen i for studentar – men også for oss andre. Podkrastinasjonen er slik noko ein som student kan lytte til og utsetje med, og likevel få noko verdifullt input, forklarar Knutsen og Løksa som er klare for å gi av seg sjølve, i samspel med studentane:

– Vi skal by på oss sjølve og vere med å dele tankane våre om det vi tek opp. Det er viktig for oss at podkasten skal gi ei trygg og god stemning der alle i samtalen er likeverdige, smilar dei.
 

Del på