Mange deltidsjobbar ledig for studentar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Søknadsfrist 22. april! Er du student og har lyst på deltidsjobb? No er det ledig over 40 stillingar der studentar i Volda kan få bidra fagleg for å gjere studiekvardagen betre.

Dette er deltidsstillingar i seks månader som startar i juni, og tek til med skuleåret i august igjen og held fram til desember. Det er snakk om deltidsstillingar i 20 prosent.

Vil du: 
•    Vere med på å gjere studiekvardagen i Volda betre 
•    Tene deg litt gode pengar

FORTSETT OG LES MEIR OM DETTE UNDER HER!

Jobbe med eige studium

Høgskulen i Volda lyser også ut 46 stillingar i 20 prosent stilling over 6 månadar (juni og august–desember) som studentassistentar, der ein er knytt til eit spesielt studium.

Som studentassistent vil du bidra til at studentar får eit godt læringsmiljø under pandemien. Aktuelle oppgåver kan variere ut frå behov og kompetanse, og vil i hovudsak vere rettleiing av medstudentar i fagleg arbeid, leie kollokviegrupper, seminargrupper og læringsgrupper (kan vere aktuelt både fysisk og digitalt). Andre oppgåver kan bli lagt til stillingane.

I søknadsprosessen vel du mellom å søke på stilling som studentassistent på følgjande studieretningar: Animasjon, Barnehagelærarutdanning, Design, kunst og handverk, Friluftsliv og naturguide, Historie, Idrett og kroppsøving, Journalistikk, Grunnskulelærarutdanning 1-7, Grunnskulelærarutdanning 5-10, Master i kulturmøte, Master in Media Practices, Medieproduksjon, Musikk, Planlegging og administrasjon, PR, kommunikasjon og media, Sosialt arbeid, barnevern og sosionom, Språk og litteratur og Teater og drama.

DESSE STILLIGANE HAR SØKNADSFRIST 22. APRIL. Les meir og søk her.

God erfaring på CV-en

Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved høgskulen, håper studentar vil søke og få tilbake ein enda betre og meir aktiv studiekvardag. Ikkje dumt å ha på CV-en heller, minner Tonheim om.

– Dette vil vere ei viktig erfaring for deg som student, som vil telje svært positivt når ein skal ut og søke arbeid seinare. Vidare vil det bidra til betre læring for deg sjølv, då du vil få eit anna blikk på stoffet som skal lærast.

Det er pengar frå regjeringa i samband med koronasituasjonen som gjer at ein har moglegheit til å lyse ut alle desse stillingane. Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim peikte på at kvardagen er prega av stor avstand og lite sosial kontakt då han løyvde pengane tidlegare i vår.

– Det er ingen tvil om at lange periodar med nedstengningar har ført til at fleire studentar har ekstra behov for, og ønske om, tettare fagleg oppfølging. Difor gir vi no pengar til fagskular, høgskular og universitet for å lønne studentar til å få på plass for eksempel faglege debattar og tettare fagleg oppfølging. Dette løyser eigentleg to problem: ønsket om meir oppfølging og fleire jobbar som vil gi inntekt til studentar som slit på arbeidsmarknaden, seier Asheim.

Del på