Miljørapport 2018: Nedgang i energiforbruket ved HVO

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

- Det er viktig at vi lanserer tiltak som alle studentar og tilsette kan vere med på, seier direktør ved Høgskulen i Volda, Per Halse. Nyleg vart miljørekneskapen for 2018 klart.

Nedgang i energiforbruk, mindre papirforbruk og auka satsing på kjeldesortering er mellom høgdepunkta. Samstundes kjem HVO med målsetjingar for neste år. Då skal mellom anna skifte til LED-lys føre til mindre energibruk i alle husa. Det vert også viktig å legge betre til rette for sykkelbruk og kollektivtransport. 
Høgskulen i Volda vart i 2018 sertifisert Miljøfyrtårn, og med det følgjer eit årleg rapporteringsansvar.


Energi er hovudutfordringa

Oppvarming og energi er av dei største «postane» i HVO sin miljørekneskap. – Difor var det kjekt å sjå at dette talet gjekk ned i fjor, seier direktør Halse. Han peikar på at det kan ha samanheng med den varme sommaren, og at dei enno ikkje kan seie om det er ein trend som vil halde fram. 
HVO fekk montert solceller på taket av Berte Kanutte-huset i 2017 og produserer eigen straum. 
- Flyreiser er også på radaren vår, og vi arbeider med å legge til rette for mykje meir bruk av videomøte, seier Halse. Nytt og betre utstyr er på plass, og videokonferanser har vorte eit viktig arbeidsverktøy som også gir pluss i miljøboka. 


Enkle tiltak alle kan følgje

Energi og reiseverksemd er store tema, men viktige er også dei små tiltaka som alle kan gjennomføre: Miljørapporten for 2018 viser til dømes at papirforbruket har gått ned ved HVO. Og det som skal kastast vert betre handsama. 
- Vi har fått opp ny stasjon for kjeldesortering mellom anna i kantina, seier Halse. 
I rapporten viser Høgskulen til fleire tiltak og mål for tida framover. 
- Som min kollega Karen Lomeland Jacobsen (direktør i permisjon) påpeika då vi vart sertifisert Miljøfyrtårn: Dette er eit kontinuerlig arbeid, slår Halse fast. Og det må vi få inn i dagleg drift og som eit heilt naturleg tema i jobben vi gjer kvar dag. 
 

Rosar studentane

Han er også særs glad for at studentane ved HVO er så engasjerte og bidreg til ein grønare studiekvardag: - Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda har sett dette på agendaen og jobbar med utgangspunkt i bærekraftmåla til FN (SDG). Dei fremjer mellom anna saker og tips om korleis minske avfall og matsvinn heime og når dei er på skulen – dette er viktig og haldningsskapande arbeid, og minner om at vi alle kan gjere ein innsats kvar dag, seier Halse. 
 

Del på