Miljørapporten for 2022 er klar

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

Klima- og miljørapporten for Høgskulen i Volda (HVO) for 2022 viser at avfallsmengda og energiforuket har gått ned, men at det har vore ei auke i reiser.

Som sertifisert Miljøfyrtårn leverer HVO ein årleg rapport som dokumenterer miljøarbeid og målingar. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har vore pådrivar for arbeidet med miljøsertifisering ved høgskulen, eit arbeid som starta i 2018. Utvalet fekk nyleg presentert tala for 2022, som fortel at avfallsmengda og energiforbruket totalt sett har gått ned, men at det har vore ei auke i antal kilometer køyrd med høgskulen sine bilar. Talet på flyreiser har også auka samanlikna med 2021.

Satsar på El-bilar

Det siste var forventa grunna lite/ingen reiser i pandemi-åra. Sjølv om videokonferanse blir brukt der det er føremålsteneleg, er det sannsynleg at talet på flyreiser vil auke også i 2023, då auken er langt frå nivået før pandemien. At talet på kilomenter køyrd med høgskulen sine bilar har auka, heng også saman med at korona prega store delar av 2022. Forbruket av diesel har likevel gått ned, noko som heng saman med høgskulen si satsing på El. Det er installert fleire ladepunkt for HVO sine bilar på høgskuleområdet, og bilparken vil gradvis bli bytta til El. 

Kontinuerleg reduksjon i energibruk

Det er forventa at energibruken vil gå ytterlegare ned, då tilsette, som no jobbar i det gamle Ivar Aasen-huset, flyttar inn i det moderne og energieffektive Hans Strøm-huset til hausten. Høgskulen produserer også energi frå eige solcelle-anlegg, og modernisering av bygningsmassen og utskifting til LED-lys vil redusere energibruk over tid.

Positive samarbeid

AMU det som positivt at det er tatt initiativ overfor samarbeidspartar som Volda kommune og Volda Ørsta Reinhaldsverk (VØR) for å sjå på ordning for mellom anna å levere brukte møblar/utstyr til gjenbruk. Dei ser det også positivt at det er tatt initiativ om at Studentsamskipnaden skal bli Miljøfyrtårn. AMU støttar tiltaka som er utarbeidd i handlingsplanen for 2023, der Høgskulen i Volda heile tida skal jobbe for meir miljøvennleg drift, og elles møte dei krava som ligg i det å vere eit Miljøfyrtårn

Høgskulen er miljøfyrtårnsertifisert til 2024. 

Del på