Nettseminar om Språklova og tilhøvet mellom engelsk og norsk i akademia

Tekst: Tor Mikalsen

- Oppdatert

Velkomen til nettseminar tysdag 15. mars kl. 13–15. Då inviterer Høgskulen i Volda, Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum til nasjonalt nettseminar om Språklova og om korleis engelsk og norsk blir brukt i utdanning, forsking og formidling ved norske UH-institusjonar.

Debatten om dette temaet gjekk friskt på fleire arenaer hausten 2021. Den viste at det er brei semje om at vi må ta vare på norsk som fagspråk, men også at det er ulike syn på kor stort problemet er, og kva som bør gjerast. Den nye Språklova vart gjeldande frå 1. januar i år, og på nettseminaret vil det bli retta eit søkjelys mot kva ho seier om tematikken.

Målgruppa for nettseminaret er først og fremst tilsette ved norske høgskular og universitet. Målsetjinga er at det skal vere eit bidrag i arbeidet med å styrke norsk som fagspråk.

Innleiarar

Åse Wetås, har vore direktør i Språkrådet sidan 2015. Ho har doktorgrad i nordisk språkvitskap og har tidlegare vore prosjektdirektør for Norsk Ordbok 2014.

Oddmund Løkensgard Hoel, er statssekretær for forsknings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp). Han har no permisjon frå stillinga si som professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet.

Alexander H. Sandtorv, er 1. amanuensis ved Institutt for organisk kjemi ved Universitetet i Oslo. Han er oppteken av formidling og er aktiv som forfattar både for barn og vaksne. Han skriv ei fast spalte i Morgenbladet kvar veke og lagar podkastserien Tingenes tilstand med Kristopher Schau.

Sluttkommentar:
Jan Inge Sørbø, er professor ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda. Han er også forfattar og kommentator. Sørbø gjekk frå journalistikk til vitskap og har mellom anna skrive den første samla framstillinga om nynorsk skjønnlitteratur.

Bakgrunnsdokument

Fullstendig program og påmeldingslenke her
Påmeldingsfrist: Måndag 14. mars

Del på