No har du sjansen til å bli med i Studentparlamentet

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Studentparlamentet skal ha nye representantar – nominer deg sjølv til valet av representantar innan fredag 15. september.

Studentparlamentet er studentdemokratiet ved Høgskulen i Volda – og er av og for studentane. Dei fremjar studentane sine interesser og rettar, og er bindeledd til leiinga ved Høgskulen. 

Gjennom Studentparlamentet kan du engasjere deg i studentpolitiske saker, forbetre læringsmiljøet, bidra til betre studentvelferd, delta på nasjonale kurs og konferansar og mykje meir. 

Og ikkje minst kan du bli kjent med andre engasjerte studentar og få vener for livet! 

Studentparlamentet består av 11 faste representantar og 11 varaer. Dei har møter omlag ein gong i månaden, og tek avgjersler på vegner av studentane i Volda. Medlemmane kan sjølve ta opp saker, eller får spelt inn saker frå tillitsvalde, andre studentar eller leiinga.
 

Nominasjon

Representantane blir valt inn i Studentparlamentet for eitt år.

Les meir om Studentparlamentet her.

Valet av representantane skjer 18.-25. september, der alle studentar ved Høgskulen i Volda har stemmerett.

– Treng ingen erfaring

Ammy Bolme
Ammy Bolme, leiar av Arbeidsutvalet i Studentparlamentet.

Studentparlamentet har Arbeidsutvalet (AU) som var på val i vår og har starta opp arbeidet sitt. AU består av fem studentar som tek seg av den daglege drifta av Studentparlamentet, følger opp vedtak og jobbar for studentane sitt beste. 

Leiar i AU, Ammy Bolme, er gald for at ho er blitt ein del av Studentparlamentet og oppmodar studentar frå alle utdanningar om å stille til val.

– Er det noko du er ueinig i, likar du ein god diskusjon eller vil gjere Volda til ein enda betre plass for studentane, er Studentparlamentet noko for deg. Du treng ingen politisk eller andre tidlegare erfaringar for å melde di interesse. Her vil du lære du ekstremt mykje, lovar Bolme.

Sjå alt det Studentparlamentet driv med her.

Sosialt og god CV-mat

Ho er sikker på at eit slikt verv styrkar CV-en til studentane og er eit stort pluss når ein skal ut i jobbmarknaden og konkurrere. 

– Det er ei ypparleg erfaring å på ha på CV-en. Du lærer også mykje som får deg til å vekse som person, og du blir ein aktiv medborgar i samfunnet. Gjennom parlamentet møter du også fine menneske. Vi har eitt møte i månaden, der vi har ein fin sosial aktivitet med gratis og god middag, før vi held møte, fortel Bolme.

Dei som blir vald inn i Studentparlamentet startar det heile på ein mjuk og fin måte med opplæringsdag 30. september. Der vil dei få ein grundig gjennomgang av det parlamentet driv med og deira rolle.

– Når du blir ein del av Studentparlamentet, representerer du avdelinga di på Høgskulen. Her får du moglegheit til å stemme på viktige saker som kan gjere ein forskjell i studielivet ditt, forklarer Bolme.
 

Del på