No kan studentar stemme på nytt studentparlament

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Frå 20.-24. september kan studentar ved Høgskulen i Volda stemme på kandidatar til Studentparlamentet. Det er rekordmange kandidatar å velje i.

Arbeidsutvalet i Studentparlamentet inviterer alle studentar til å bruke stemmeretten sin i årets parlamentsval. 

Det er rekord i tal på kandidatar som ønskjer seg ein plass. Av 34 håpefulle kandidatar så skal 22 bli valt, derav 11 blir faste representantar, og 11 vara. Det betyr at nokon ikkje vil få plass i år.

Slik stemmer du

Her kan du lese meir om alle kandidatane, interessene deira og kva motivasjonen deira er for å sitte i Studentparlamentet.

Alle studentar har fått tilsendt ei personleg lenke på student-e-posten sin som dei kan stemme via.

– Difor er det kjempeviktig at studentane brukar si stemme, slik at dei får den kandidaten dei sjølv meiner representerer dei best, inn i parlamentet, seier leiar av Studentparlamentet Trond-Fredrik Hoddevik. 

Sikre studentane si stemme

Studentparlamentet er den øvste studentorganisasjon på HVO, og skal sikre at studentane si stemme vert høyrt. Parlamentet består av enkeltståande studentar og frontar sakar på vegne av studentane. Studentdemokratiet er derfor avhengige av engasjerte studentar som vågar å fremje meiningar sine. 

– Eg ønskjer studentane eit riktig godt val, avsluttar Hoddevik.

Del på