NOKUT-rapport: – Studentane blir høyrt

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda (HVO) har fått godkjent det siste punktet etter NOKUT sitt tilsyn med kvalitetssystemet til høgskulen. I rapporten frå det nasjonale tilsynsorganet kjem det fram at studentane sine tilbakemeldingar blir tatt på alvor ved HVO og at ting ofte blir retta fort opp fordi det er kort veg mellom studentar og tilsette.

På lik linje med andre høgskular og universitet i landet har HVO sitt eige kvalitetssystem som skal sikre at studia ein tilbyr har god nok kvalitet og er innanfor lovverket. Kvart sjette år gjennomfører Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) tilsyn med kvalitetssystemet hos dei ulike institusjonane i universitet- og høgskulesektoren. 

Dette starta NOKUT på i 2019 for HVO, og for om lag eit år sidan kom det ein rapport med mange plussar i margen, som vi kjem tilbake til litt lenger ned i saka. Det einaste minuset NOKUT fann og som høgskulen måtte rette opp i var gjennomføring av periodiske studieprogramevalueringar. 

– Dette var venta frå vår side, då vi sjølv avdekka det gjennom tilsynsprosessen, og vi var i gang med opprettingane allereie, fortel Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved HVO.

Før jul 2021 sende høgskulen inn omfattande dokumentasjon på gjennomført periodisk studieprogramevaluering, og har no fått godkjent-stempelet for kvalitetssystemet sitt frå NOKUT.

Studentane tatt på alvor

Prorektor Tonheim er opptatt av studentane si stemme og at dei, saman med tilsette, eksterne fagfolk og arbeids- og samfunnsliv blir høyrt når ein jobbar med kvalitet i utdanningane.

I rapporten frå NOKUT er det tydeleg å sjå at dei har bete seg merke i at studentane får kome til orde og lytta til ved HVO.

Under her er det samla nokre punkt frå rapporten som tydeleggjer det:

  • Høgskulen i Volda hentar inn informasjon frå ulike kjelder og har omfattande bruk av studentevalueringar. Systemet fangar opp avvik, og ansvarlege personar tar tak og rettaropp i avvika. Komiteen har merka seg at det også skjer ein del uformelt kvalitetsarbeid ved høgskulen. Vegen mellom studentar og tilsette er kort, slik  at utfordringar ofte blir retta opp før dei blir fanga opp av kvalitetssystemet. Det meiner komiteen er positivt.
  • Under intervjua fekk komiteen stadfesta inntrykket av at studentane sine perspektiv blir tekne godt hand om ved høgskulen. Det kom også fram at studentane sine bidrag spelar ei viktig rolle i kvalitetsarbeidet. Det følgjer av kvalitetssystemet at studentevalueringar av studieprogramma skal gå føre seg på emne- og studieprogramnivå.
  • Det er tydeleg for komiteen at Høgskulen i Volda tar studentane sine tilbakemeldingar på alvor.
  • I dokumentasjonen blir samarbeidet mellom høgskuleleiinga, studieadministrasjonen og leiande tillitsvalde skildra som tett og konstruktivt, og studentane viser til at dei har gode moglegheiter for medverknad på institusjonsnivået

– Vi er svært glade for å sjå dette, det er noko vi arbeider for kvar dag. No er det slik med studentane, som med oss andre, at dei har ikkje rett kvar gong dei kjem med ei tilbakemelding. Men dei skal vite at dei blir tatt på alvor. Det tenkjer eg må vere eit stort pluss og ein god grunn til å studere hos oss, meiner Tonheim.

Glad for å bli sett i korta

Prorektoren er opptatt av at det viktigaste kvalitetsarbeidet er det som går føre seg i kvardagen, spesielt mellom studentane og dei tilsette. Han set også stor pris på tilsyn frå NOKUT, og at ein på den måten får store og grundige gjennomgangar av fleire eksterne.

Odd Helge Mjellem Tonheim
Prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim

–  Det er vi veldig takksame for. Studiekvalitet er viktig for oss, vi lever av og jobbar for å gi studentane våre best mogleg studium, difor tek vi dette på alvor, seier Tonheim.

Rapporten frå NOKUT er eit viktig verktøy for høgskulen, ikkje berre for å sjå kva ein bli betre på, men også kva ein er god på og bør halde fram med.

– Gjennom rapporten får vi fleire stadfestingar på at vi har eit godt kvalitetssystem som fungerer etter hensikta. Men også innspel til å vidareutvikle systemet, som vi tek med oss.

Har eit godt system

Gjennomføring av periodiske studieprogramevalueringar, punktet som HVO i første omgang ikkje fekk godkjent av NOKUT, er eit godt eksempel på korleis ein kan gjere kvalitetssystemet betre. NOKUT peika på at HVO ikkje hadde med representantar frå arbeids- og samfunnsliv når ein gjennomførte desse periodiske studieprogramevalueringane. Det er no retta opp.

Kort fortalt er ei slik studieprogramevaluering ein gjennomgang av heile studiet, omtrent på same måte og nivå som når ein høgskule eller universitet skal søke om å få starte opp ein ny bachelorgrad til dømes. Dette skal gjennomførast minimum kvart sjette år for det einskilde studiet.

– Vi har laga oss eit system for det og ein rulleringsplan. Når ein går gjennom eit studium på denne måten er mange som er vi sving, fortel Tonheim og ramsar opp at dei faglege tilsette, eksterne fagfellar, studentar, representantar frå arbeids- og samfunnsliv og dekan har ulike arbeidsoppgåver og ting å sjå på i arbeidet med en slik rapport. Til slutt blir den gått gjennom i studieadministrasjonen og sendt til Utdanningsutvalet ved HVO.

– Vi hadde fleire gjennomgangar med ulike studium før jul, og dei som arbeider med studia set stor pris på å få gå gjennom studia så grundig. Det er absolutt med på å heve kvaliteten, slår ein godt nøgd Tonheim fast.
 

Del på