Ny mastergrad: Inviterer til namnekonkurranse

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: HVO, Marius Beck Dahle, Kristian Glomnes

- Oppdatert

- Dette vert ei unik mastergrad! Det seier representantar frå gruppa som jobbar med søknaden til eit nytt studietilbod ved Høgskulen i Volda. Her skal dei samle alle bachelorprogramma ved Avdeling for kulturfag. Fagmiljøet ønskjer å ha med seg både studentar og kollegaer ved høgskulen i arbeidet.


- Vi er dei einaste i Noreg som har så stor breidde av kulturfag. Det er ei styrke i tilbodet vårt! Det seier Helga Synnevåg Løvoll, prodekan, og leiar for gruppa som jobbar med å søke om den nye mastergrada knytt til Avdeling for kulturfag, som inkluderer idrett og kroppsøving, friluftsliv og naturguide, teater og drama, kunst og handverk og musikk.. 

Det er fleire årsaker til at tida er «overmoden» for å få på plass eit slikt tilbod. Synnevåg Løvoll viser til strategiplanen til Høgskulen i Volda, der det heiter at alle bachelorprogram skal kunne byggast ut med ei mastergrad. Og: I dag har kulturfaga dispensasjon frå masterkravet som gjeld for å søkje Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og få undervisningskompetanse, men denne går ut i 2025. 

Difor jobbar søkargruppa mot å få mastertilbodet handsama av NOKUT denne hausten. Ei godkjenning derfrå vil gi mogleg oppstart hausten 2022 tidlegast, eventuelt i 2023. 


Kulturfag som svar på relevante samfunnsutfordringar

– Dette er fem ulike bachelorprogram med sterk, fagleg identitet. Tre estetiske program i musikk, kunst og handverk og teater og drama, og så har du idrett og kroppsøving og friluftsliv og naturguide, som sorterer meir til samfunnsvitskapen, seier Synnevåg Løvoll. 

Etter planen vil første semester i den nye masteren vere eit tverrfagleg fellesemne på 15 studiepoeng, der ein skal gjennomføre eit utviklingsprosjekt i samarbeid med ein ekstern aktør: - Utviklingsprosjektet skal svare på relevante samfunnsutfordringar og gi studentane en arena for å drøfte kulturfaga si rolle. Døme på tema kan vere berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap eller livsmeistring, fortel Synnevåg Løvoll, og utdjuper: - Kva som kan vere relevante samfunnsutfordringar kan med fordel utviklast i nær dialog med ekstern aktør. Dette fellesfaget vil vere obligatorisk for alle masterstudentane og det vil også bli ope for andre å kunne velje.

Vidare vil vitskapsteori og metode vere 15 studiepoeng i første semesteret. Andre semester vil bli sett saman av valfrie masteremne. Her vil det også vere mogleg å utveksle til utlandet. 

Tredje og fjerde semester vil vere via eit masterprosjekt verd 60 studiepoeng: - Her vil studentane jobbe med faget ein har bachelorgrad i. Masterprosjektet inneheld ein forskingsdel, og ein formidlings- og refleksjonsdel. Estetiske fag vil kunne velje kunstnarisk utviklingsarbeid, mens idrett og friluftsliv vil fokusere på forskingsformidling, fortel prodekanen. 


Inviterer kollegaer og studentar med i arbeidet

For avdelinga og skrivegruppa har involvering av interne samarbeidspartnarar, moglege studentar og arbeidsgivarar vore viktig i utviklinga av denne masteren. Det har mellom anna vore gjennomført ei marknadsundersøking og ei studentundersøking. 
Denne medverknaden ønskjer dei å halde fram med. 
Når dei no er kome til det stadiet i prosessen at dei skal vedta namnet på den nye mastergrada, ønskjer dei å ha med seg både studentar og tilsette ved HVO – og inviterer rett og slett til ei namnekonkurranse. 

- Vi ønsker oss forslag til namn som famner om alle fagmiljøa, samstundes som namnet bør seie noko om kva studietilbodet inneheld, seier Synnevåg Løvoll. 

Ho lister opp stikkord som kreativitet, innovasjon og utvikling. – Tenk også på at dette vil vere ein master der ein kan rette seg mot læraryrket, mot ei profesjonsretning eller den utøvande kunsten. 


10 000 kroner i premie

Premie for vinnarforslaget har dei også, på heile 10 000 kroner. – Vi oppmodar studentar og tilsette til idémyldring og innsending av namneforslag. Summen kan eventuelt delast opp etter avtale om de er fleire som går saman, foreslår Synnevåg Løvoll. 
Skrivegruppa der dei fem fagmiljøa er representert vil gjere ei utsiling av dei beste forslaga, og vinnaren vil bli valt ved ei avstemming mellom dei tilsette på Avdeling for kulturfag. 

Frist for innsending av namneforslag er 18. mai, og forslag sendast til mari.kristine.saether@hivolda.no

NB! Merk at ein gevinst kan medføre skatteplikt. Er det fleire som uavhengig av kvarandre foreslår vinnarnamnet, vil også summen måtte delast mellom desse forslagsstillarane. 

Del på