Ny nettside: Få med deg kva som skjer i Volda og Ørsta

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Lyst til å finne på noko, men har ikkje full kontroll på kva tilbod som finst? Det kan nettsida orstavolda.no hjelpe deg med. 

Visste du at det skal vere verdspremiere på Tredet, løp opp Melshornet, Voldadagen og musikalsk oase i Ørsta i nær framtid? 

Det finst eit vel av overnattingsmoglegheiter til fjells, fjords og andre stader, det er festivalar, museum, badestrender, båtar som tek deg med på tur, guida turar høgt og lågt, restaurantar, flytande fjordsauna, fastbygd sauna eit dårleg steinkast frå fjorden, galleri – det er så mykje meir enn ein skulle tru. I Volda og Ørsta.

Difor er det så kjekt at nettsida orsta.volda.no er blitt til. Den samlar alt dette. Sjekk ut nettsida her!

Følg også dei også på Instagram.
 

Del på