Nybø: – Å velje Volda er eit utmerkt val

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

I sin opningstale for studieåret 2019/20 i Volda rosa forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø, studentane som hadde valt Høgskulen i Volda –  ho synest også det er på sin plass at regjeringa prioriterer høgskulen.

Ein time før Nybø trådde opp på scena for å halde hovudtalen under den offisielle opninga av studieåret 2019/20, hadde ministeren under ein pressekonferanse kome med det glade bodskapet om at regjeringa har gitt godkjenning for å bygge nytt mediehus ved Høgskulen i Volda (HVO). 

Eit tydeleg signal om at også politikarane tenker framtid og utvikling for HVO.

– I denne forsamlinga sit det samfunnsbyggarar som er nødvendig for det Noreg vi skaper i morgon. Derfor er det også plass at regjeringa prioriterer Volda. No skal det endeleg byggast eit toppmoderne mediebygg som skal stå klart til innflytting om snaue to år. Det er vi godt nøgde med. Det håper eg også at dykk er, sa Nybø spesielt til dei om lag 1000 nye Volda-studentane og fadrane deira.

Vennar for livet

Ho mimra tilbake til då ho sjølv var juss-student, nytta anledninga til å minne på studentane at studietida «går utruleg fort» og at dei må ta vare denne tida.

– Å begynne med høgare utdanning er eit stort steg, og for mange av dykk er kanskje Volda også ein heilt ny plass. Å velje Volda som studiestad synes eg er eit utmerkt val. Dykk vil få ny kunnskap og nye vennar. Forsking viser at dei vennane ein får når ein er mellom 15 og 25 år beheld ein som oftast resten av livet. Kanskje møter dykk mange av dei for første gang i dag?

Sjå album med mange bilete frå opninga her

Viktig framtidskunnskap

Ministeren var innom samfunnsutvikling og dei raske teknologiske endringane vi opplever. Halvparten av det vi veit i dag kan være forelda eller upresis kunnskap om nokre få år, meiner ho. Nybø ga også dei nye studentane eit forsiktig «puff i baken» på første skuledag.

– Sjølv om endringane går raskt der ute, vil kompetansen og ferdigheitene dykk lærer her i Volda gjere dykk betre skikka til å møte morgondagen. Det er viktig å lære kva kunnskap er, men av og til er det viktigare å lære korleis ein lærer. Dei arbeidsteknikkane og metodane går aldri av moten. Men lærdom er ikkje noko som kjem gratis. Det er kanskje litt å strengt å seie det allereie på første dag. Men dykk må jobbe hardt.

– Finn på gøyale ting

Nybø samanlikna studietida med eit maraton, som vil innehalde mykje. Ho oppfordra studentane til å engasjere seg og finne på artige ting i studietida.

– Det er greitt å bruke tida ved sidan av studia på å gjere gøyale ting, drive med ein hobby eller ein fritidsaktivitet. Og kanskje til og med komme litt seint heim etter ein fest. Eg vil ønske dykk alle ein god studiestart. Og eg håpar at dykk alle saman får eit flott og givande år her i Volda.

 

Sjå heile den offisielle opninga av studieåret under:

 

Viktig del av framtida

Høgskulen i Volda er sertifisert som Miljøfyrtårn, og rektor Johann Roppen brukte deler av talen sin til å minne om kor viktig den kunnskapen ein tileignar seg ved Høgskulen i Volda er for framtida

– FNs berekraftsmål nr 13 handlar om å stoppe klimaendringane. Kva kan vi som studentar og forskarar bidra med her? Vi kan naturlegvis håpe på at teknologiske gjennombrot vil hjelpe oss. Men den grunnleggande naturvitskaplege kunnskapen om global oppvarming har vi, og vi har hatt den lenge. Dette handlar i mykje, mykje større grad om korleis vi som menneske brukar kunnskapen, sa Roppen, før han heldt fram:

– Skule, media, kulturfag og samfunnsplanlegging er berre nokre av studia og fagområda som finst ved den mangfaldige Høgskulen i Volda, så ved å studere på Høgskulen i Volda, ved å bli ein del av vårt faglege fellesskap blir du med oss i vår felles visjon: Kunnskap for framtida. Framtida handlar om mykje meir enn teknologi, kjøp og sal. Framtida handlar om menneske.

Bry seg

Roppen snakka om uteliv, både i naturen og kulturelt sett. Han oppmoda studentane om å ta vare på kvarandre og bry seg om sine medstudentar.

– Spør korleis folk har det. Og bry deg om svaret. Å flytte til ein ny stad og finne seg sjølv på ein ny stad er kanskje lettare i Volda enn mange andre stader. Men likevel: Ta vare på kvarandre. Anten det er på fest på det legendariske studenthuset Rokken, på høgskulen eller på nettet.

– Bruk vitet

Sunnmørsnaturen er vakker og studentane bruker den flittig. Det ga rektoren tommel opp for, samstundes som han ønsker dei alt vel og at dei er varsame. – Vi har verdas vakraste natur: Skarpe tindar, ville vindar, reint vatn i store mengder - både på hav, på land - og ovanfrå. Fjella i Volda og Ørsta har diverre kravd liv kvart år dei siste åra, seinast for få veker sidan - det er risikabelt å ferdast i farlege fjell. Så gå ut av døra. Bruk naturen. Bruk havet. Bruk snøen. Men bruk først og fremst vitet. Vi har mange studentar, men ingen å miste!  

Del på