Nye tal om mobbing og trakassering

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har delteke i den første nasjonale kartlegginga av mobbing og trakassering blant tilsette i universitets- og høgskulesektoren.

220 tilsette ved Høgskulen i Volda (HVO) deltok i undersøkinga, og av desse var det 31 (14 prosent) som oppgav at dei hadde vorte utsett for mobbing eller trakassering i løpet av det siste året. På landsbasis var resultatet 13 prosent. To personar ved HVO oppgav at dei hadde vorte utsett for seksuell trakassering, tilsvarande 0,9 prosent, totalt for heile sektoren var talet 1,6 prosent. Undersøkinga sett under eitt viser at HVO ligg tett på gjennomsnittet for sektoren.

PS! Sjå lenke til både rapporten for HVO og den nasjonale nedst i saka.

– I ei slik kartlegging er alt anna enn null nedslåande, seier direktør Per Halse. Han fortel at Høgskulen i Volda har jobba aktivt med problematikken og å få opp varslingsrutinar over tid. – Det viktigaste vi kan gjere i tillegg til å jobbe aktivt for eit arbeidsmiljø der dette ikkje er akseptert, er å ha gode rutinar for varsling og gjere det enkelt for dei som måtte oppleve noko uønskt å seie frå og få hjelp, seier Halse, og oppmodar tilsette som har opplevd mobbing eller trakassering om å melde frå om dette til næraste leiar, til personalkontoret, tillitsvalde eller verneombodet. 

Det er også oppretta ein eigen hjelpetelefon i samband med at undersøkinga vart offentleggjort. 

Undersøkinga i tal

– Sidan dette er ei anonym kartlegging veit vi ikkje kven som har opplevd mobbing eller trakassering i kvardagen, og vi veit heller ikkje kva avdelingar eller kontor dei jobbar på hos oss, seier Halse. 

Av dei 31 HVO-tilsette som hadde opplevd mobbing eller trakassering var det ca. halvparten som hadde opplevd det frå andre sideordna tilsette medan ca. 1/3 hadde opplevd dette frå ein overordna kollega og ca. like mange frå ein leiar/sjef. Den vanlegaste forma for mobbing og trakassering var verbal eller ikkje-verbal trakassering eller gjennom digitale media. Ingen ved Høgskulen i Volda oppgav at dei hadde opplevd fysisk trakassering. 

Det var i alt 379 tilsette ved Høgskulen i Volda som vart inviterte til å vere med i undersøkinga, og med 220 svar vart det ein svarprosent på ca. 59, noko som er blant den høgste svarprosenten i sektoren. Gjennomsnittleg svarprosent i undersøkinga var ca. 42 prosent. Fagleg tilsette og stipendiatar stod for ca. 2/3 av svara medan administrativt tilsette stod for 1/3. Det var ca. 60 prosent kvinner som svarte på undersøkinga, noko som er på landsgjennomsnittet.

Undersøkinga omfattar ikkje studentar fordi deira studiekvardag vert kartlagt gjennom andre undersøkingar. 

Oppfølging av undersøkinga

Høgskulen har dei siste åra arbeidd mykje med arbeidsmiljøet gjennom systematisering av rutinar, informasjon, AMU (arbeidsmiljøutval), HMS-handbok og systematiske kartleggingar som ARK-undersøkinga i regi av NTNU. Med denne nasjonale kartlegginga vil det bli nytt fokus på slike spørsmål. Både leiarmøte, Arbeidsmiljøutval og utvalet for likestilling- og mangfald ved HVO vil drøfte undersøkinga, korleis ho skal følgjast opp og styrke informasjonen om korleis ein skal seie frå om ein opplever mobbing eller trakassering ytterlegare. 

Fakta om undersøkinga 

Ipsos har på vegne av Universitetet i Agder gjennomført ei spørjeundersøking som kartlegger mobbing og trakassering i universitets-og høgskulesektoren. 
Føremålet med undersøkinga er å kartleggje omfang og frekvens av mobbing og trakassering på arbeidsplassen, samt tilfeller av seksuell trakassering og seksuelle overgrep. 
Undersøkinga vart sendt ut til 42778 tilsette ved 26 deltakande UH-institusjoner. Totalt svarte 17984 respondenter, ei responsrate på 42 prosent. Undersøkinga vart gjennomført mellom 20. mai og 11. juni 2019. 

Undersøkinga er ei populasjonsundersøking der alle tilsette invitert til å delta. Difor er det ikkje trukke eit utval på førehand, og det er ikkje spesifiserte kvoter på bakgrunnsvariablar mellom dei tilsette. (Kjelde: Rapporten frå Ipsos)


Aktuelle varslingskanalar

www.sikresiden.no (varsling av seksuell trakassering)
HMS-handboka Compendia: Instruks for varsling (krev innlogging)
Nasjonal beredskapstelefon knytt til kartlegginga (Open frå 22.8. til 1.9.): 908 42 775

Personalsjef Randi Lisbet Urke
HMS-rådgjevar Solbjørg Nossen Leite
Hovudverneombod, Roy Inge Nupen
Hovudtillitsvald Akademikerne, Bernt Olav Øvregaard
Hovudtillitsvald Forskarforbundet, Håkon Bø
Hovudtillitsvald NTL, Sylvi Marie Gulla Hovdenakk

Hovudtillitsvald Utdanningsforbundet, Randi Lyngbø Ottesen
 

Rapportane

Institusjonsrapport - HVO
Nasjonal rapport

Del på