Nynorsksenteret med ny film

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Nynorsksenteret spelar på humor i den nye animasjonsfilmen som presenterer kva dei driv med. Få den med deg her!

Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) er eit ressurssenter for nynorsk i skulen og barnehagen som held til ved Høgskulen i Volda (HVO).

Gjennom den nye animasjonsfilmen kan du bli litt betre kjend med dei og kva dei driv med. Ekstra artig er det at er ein tidlegare animasjonsstudent ved HVO – Are Edvardsen – som har laga filmen.
 


Nynorsksenteret fremjar metodar og arbeidsmåtar som kan motivere og auke kvaliteten på arbeidet med nynorsk i barnehagen og skulen. Nynorsksenteret driv forskingsformidling og praksisnær aktivitet basert på relevant forsking og medverkar til at barnehagar og skular får auka kompetanse til å tolke og ta i bruk rammeplanen og læreplanverket.

Les meir om senteret og få gode råd her.

Prosjektleiar for filmen har vore Arild Torvund Olsen, høgskulelektor ved Nynorsksenteret.

Kristoffer S. Mathisen har laga illustrasjonane. 
 

Del på