Nytt studentombod: – Ikkje nøl med å ta kontakt!

Tekst: Per Straume , Foto: HVO / Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Har du spørsmål om kva rettar du har som student, du er ueinig i eit eksamensresultat eller opplever trakassering ved Høgskulen i Volda? Da står det nye studentombodet Gøril Hillersøy klar til å hjelpe deg.

– Eg elskar besøk og telefonar, strålar Gøril Hillersøy når ho besøker Høgskulen i Volda for første gong. 

Ho står fram som fagleg sterk, svært omgjengeleg og ein person med eit stort hjarte for folk. Hillersøy bryr seg. Som hand i hanske for arbeidet som studentombod.

– Den faglege grunnen til at eg søkte stillinga var jobben eg får med å ivareta rettstryggleiken til ei gruppe menneske. Det er utruleg meiningsfullt, seier Hillersøy som er utdanna jurist.

Kva kan du få hjelp med?

Studentombodet kan ikkje vere part i ein sak mellom student og høgskulen, berre vere rådgivande for studenten. Det vil seie at ombodet ikkje kan skrive eit brev eller ein klage til høgskulen på vegne av ein eller fleire studentar. Ombodet skal vere uavhengig høgskolen og motsett.

– Eg kan hjelpe studentane på veg og vurdere om dei er rett behandla og gjere det klart kva rettar dei har, fortel Hillersøy.

Ho nemner typiske utfordringar studentane kan kome til henne med; krav på tilrettelegging, klage på eksamensvurdering, ulike former for trakassering og skikkavurderingar.

– Det er berre å spørje om andre ting også. Om ikkje eg kan hjelpe, vil eg forsøke å finne rette vedkomande.

Studentombodet har teieplikt.

Les meir om studentombodet her.

Vil vere i Volda

Studentombodet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og HVO, der 20 prosent av stillinga fell til HVO.

Ho er spent på korleis arbeidskvardagen vil bli, men er glad for allereie har fått saker frå studentar å jobbe med.

– No i starten er det meste nytt, så då er første prioritet å ta unna sakene som kjem. Når eg har fått vore i jobben ei stund, satsar eg på å få ei rutine der eg vil vere i Volda til faste tidspunkt.

Kontakt studentombodet

Namn: Gøril Hillersøy
E-post: studentombodet@hivolda.no
Telefon, kontor: 57 72 25 05  mobil: 45 84 71 50
 

Del på