Nytt studentparlament klart

Tekst: Per Straume , Foto: Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda

Valet til Studentparlamentet er over og studentane som skal sitte i Studentparlamentet studieåret 2020/21 er klare. Sjå kven dei er her.

Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda er det øvste demokratiske organet for studentane ved Høgskulen i Volda. Studentparlamentet har elleve faste og elleve vara representantar, og har til vanleg sju møter i studieåret. Her vert problemstillingar knytt til studiekvardagen diskutert, og det vert fatta vedtak som Arbeidsutvalet (AU) til Studentparlamentet tek vidare inn mot samarbeidspartnarar for å skape endring.

21. september var resultatet frå valet, gjennomført i perioden 7- 18. september til parlamentet, klart. 

Studentane ved Høgskulen i Volda har stemt inn desse studentane til Studentparlamentet studieåret 2020/21:

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning: Irmelin Angell Losvik, Mathilde Tafjord Rødhammer, Mariely Gonzalez Barboza (1. vara) og Lars Olav Mauset (2. vara).

Avdeling for kulturfag: Pernille Fynbo Gajhede, Heidi Werkland, Vilde Aulstad (1. vara) og Rebekka Vik (2. vara).

Avdeling for mediefag: Nora Skranefjell, Sander Hauge, Maja Melbye (1. vara) og Tryge Taranger (2. vara).

Avdeling for samfunnsfag og historie: Arnaud Duhamel, Maral Pour Khodabakhsh, Stian Woo Andersson (1. vara) og Catharina Voll Matthews (2. vara).

Utjevningsmandat: Simon Vederhus, Jonas Közle, Marte Nesfossen, Daria Jermacane (1. vara), Rikke Jenny Pettersen (2. vara) og Jenny Mari Holmström Ulla (3. vara).

Opplæringssamling og bli kjent

Første møtet for Studentparlamentet 2020/21 vert heldt 30. september. Desse møta er opne for alle studentar ved Høgskulen, og parlamentet håpar at dei som ønskjer å delta i diskusjonane tar turen innom. På første møtet skal dei blant anna velje nye studentrepresentantar inn til råd og utval og fatte vedtak om arbeidsprogrammet for det komande studieåret.

26.-27. september skal det nye studentparlamentet til Kjeldsund for å verte betre kjent og få opplæring i deira nye roller i studentmiljøet. Her kjem blant anna Norsk studentorganisasjon (NSO) og Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) for å fortelje om den nasjonale studentrørsla. 
 

 

Del på