Nytt utvekslingssamarbeid med University of California, Berkeley

Tekst: Tor Mikalsen , Foto: Høgskulen i Volda

- Oppdatert

Internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda har arbeida fram ein utvekslingsavtale med University of California, Berkeley.

Denne avtalen gjeld frå hausten 2020 og er avgrensa til utveksling gjennom Berkeley International Study Program (BISP), eit utvekslingsprogram som let studentar ta enkeltemne ved UC Berkeley, Department of Sociology.

Avtalen kjem som eit resultat av ein dialog med UC Berkeley som starta med to HVO-tilsette som gjennomførte eit forskingsopphald der for nokre år sidan. Etter det har det vore jamleg kontakt fram til HVO denne veka fekk besøk av Kristi Larson Bedolla, Associate Director for BISP programmet, for å avklare dei siste detaljane og få avtalen signert av rektor Johann Roppen. 

«Vi jobbar kontinuerleg for å kunne tilby gode og relevante utvekslingsavtalar til våre studentar. Det er ikkje kvar dag vi signerer avtale med eit av dei høgst rangerte universiteta i verda, så dette er ein stor dag for oss. BISP programmet har dei seinare åra vore eit tilbod for studentar ved dei store universiteta i Noreg og vi er no veldig glade for å kunne tilby utveksling til Berkeley også ved Høgskulen i Volda», seier Arne Humberset, leiar for Internasjonalt kontor. 
 

Del på