Oftare avgangar – mykje billegare å reise

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

For studentar som kan nytte buss til høgskulen vil rutetilbodet vere langt betre enn tidlegare. Samstundes er prisen på månadskort meir enn halvert.

Mellom Volda og Ørsta blir det til hausten bussavgangar cirka kvart 20. minutt i tida cirka klokka 7-10 om morgonen og cirka klokka 14-17 om ettermiddagen. Alle desse bussane vil passere Høgskulen i Volda (HVO).

Tilpassa skulestart

I haustsemesteret vil skuledagen ved HVO starte klokka 08.30 og bussrutene er godt tilpassa dette. Ikkje berre mellom Volda og Ørsta, men også om ein kjem frå Ålesund, Stryn eller Ulstein/Hareid/Herøy/Sande.

Høgskuleleiinga ønsker at fleire studentar og tilsette nyttar seg av buss til høgskulen, og håper at desse endringane i rutetilbodet kan bidra positivt.

500 kroner

Det må ein også i høgste grad kunne seie om rabatten på månadskort som er innført for studentar i Møre og Romsdal. FRAM tilbyr eit månadskort til 500 kroner, som kan nyttast så mykje ein vil på buss, hurtigbåt og ferje i heile fylket. Det er meir enn ei halvering av prisen som tidlegare har lege rundt 1100 kroner.

Finn informasjon om FRAM Student og rutetilbod her.

Det nye månadskortet er ei prøveordning i eitt år og har fått namnet FRAM Student. Det vil vere tilgjengeleg i FRAM-appen og for reisekort. Første moglege bruksdato er 17. august 2020. 

Vilkåra for å kunne kjøpe FRAM Student er dei same som for studentrabatt elles, dvs. at den reisande må ha gyldig studentbevis og kvittering for betalt semesteravgift. Det er ei øvre aldersgrense på 30 år.
 

Del på