Ønsker fruktbare samarbeid gjennom framtidslab

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Som partnar i FNs framtidslab vil Høgskulen i Volda kunne knyte enda tettare kontakt med ulike aktørar i fylket og spesielt i Ålesundsregionen.

Torsdag 7. november underteikna Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved Høgskulen i Volda, avtalen med den nye framtidslaben som driftast av nye Ålesund kommune. Laben er den andre av sitt slag i Europa og er ein del av FNs smartbyprogram.

Då Tonheim sette blekk til papir vart HVO ein av førebels 29 partnarar i laben – som samla representerer stor breidde i aktørar både frå akademia, offentleg- og privat sektor som alle skal samarbeide for at ein med tida skal kunne oppfylle dei 17 berekraftsmåla til FN. 

Synlege og attraktive

Prorektoren er inspirert og gler seg til å sjå kva ein kan få ut av ein slik smeltedigel av kunnskap og erfaringar: – Vi ønsker å vere synlege i regionen og ein attraktiv samarbeidspartnar, difor synest vi dette er ein god idé. Nye Ålesund kommune og kommunane rundt er eit viktig nedslagsfelt for oss. I tillegg er det fleire andre spennande aktørar, både offentlege og private, som vi vil knyte tettare relasjonar til gjennom ei slik etablering.

Gjennom avtalen har HVO to frie kontorplassar i ope landskap i laben, i tillegg til fasilitetar som møterom, stort fellesareal og teknisk utstyr. – Dette er med på å gjere terskelen for å få til fleire møter der vi er vertskap i Ålesund-region lågare, seier Tonheim.

Les også: Voldastudentar besøkte framtidslaben

Møteboka fyllast opp

Seniorrådgjevarane Ole Frank Bakken og Bjørn Gunnar Tafjord ved HVO har allereie opplevd nettopp dette. Begge vil ha kontordagar i Ålesund og bidra til å knyte tettare relasjonar til dei andre offentlege og private aktørane i lab-en og på Campus Ålesund, som også inkluderer NTNU.

– Eg har avtalt møter kvar torsdag framover ei stund, der Sunnmøre regionråd og Fylkesmannen er nokre av dei eg skal snakke med. Det er enklare å vere tett på og få til ei felles forståing om kva andre helde på med når ein delar kontorlandskap på denne måten, meiner Bakken og får følge av Tafjord:

– Gjennom avtalen får HVO ei unik kopling til eit nasjonalt og globalt nettverk med fokus på berekraft. Dette bør difor etter mitt syn løftast høgt opp på vår strategiske agenda for å forankre denne tankegangen i heile organisasjonen! Ein knyter sjølvsagt gode kontaktar. Eg har til dømes etablert eit tett samarbeid med sentrale aktørar i nye Ålesund kommune gjennom arbeidet med denne etableringa. Vi har også knytt tettare kontakt med relevante miljø og personar på NTNU Ålesund, Møre og Romsdal fylke og private aktørar i dei ulike næringsklyngene som er etablerte på NMK/Campus Ålesund. 

Les meir om framtidslaben

Viktig kunnskap for stor kommune

Laben er plassert i Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) sine lokalar like ved NTNU og er ein del av Campus Ålesund. Medan dei fleste aktørane i dette mijøet i stor grad er teknologisk retta, kan HVO by på andre faglege perspektiv. FNs berekraftsmål som ligg i botnen for aktiviteten i laben og som ein arbeider ut i frå må løysast i tett samarbeid mellom både offentleg og privat sektor.

– I den samanhengen komplementerer vi fagmiljøet ved NTNU i Ålesund. For nye Ålesund kommune handlar det om å gi gode tilbod til innbyggarane sine i framtida. Og då kan vi bidra med humanistisk kunnskap innan samfunnsplanlegging, mediefag, kultur, helse og lærarutdanning. Dette er svært relevante faggreiner for utvikling og drift av ein kommune. Vi samarbeider allereie mykje med Ålesund kommune og dei er svært nøgde med at vi no etablerer oss i Ålesund – noko som vart bekrefta då vi underteikna partnaravtalen i laben, seier Bakken og Tafjord.

Nye Ålesund kommune og HVO gikk nyleg inn ein samarbeidsavtale. 

Forskingssamarbeid

HVO har gjennom fleire år og også i dag eit utstrekt samarbeid med den største sunnmørskommunen og kommunane rundt. Prorektor Tonheim nemner praksisstudentar i skular og barnehagar, etter- og vidareutdanning av lærarar og tilsette i helsesektoren og samarbeidsprosjekt med fagmiljøet og studentar i samfunnsplanlegging.

– Vi håper også at deltakinga laben kan føre til nye forskingsprosjekt- og samarbeid. Der er vi allereie i gang, og har søkt Forskingsrådet om pengar til eit innovasjonsprosjekt i offentleg sektor gjennom FORKOMMUNE-programmet. Nye Ålesund kommune er prosjekteigar og har med seg HVO og NTNU på laget. Det synest eg synleggjer godt kva ein slik lab kan handle om, påpeikar Tonheim.
 

Del på