Populær første alumnisamling

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Oppstartssamling for Alumni – IPAS vart godt besøkt av både tidlegare og noverande studentar. – Dette er heilt klart noko å bygge vidare på, meiner førstelektor Magnar Hjertenæs.

Ideen om eit Alumni – IPAS dukka opp våren 2019 medan Sonia Gonzalvez Juan var praksisstudent på instituttet. Juan hadde ansvaret for avslutningsmarkeringa for bachelorstudentane i juni 2019, og fanga opp studentane sitt ynskje om å kome attende til studiestaden ved eit seinare høve. 

I samarbeid med professor Nathalie Homlong vart det difor laga planar for både ei gruppe på Facebook og eit seminar for noverande og tidlegare studentar. Sonia Gonzalvez Juan skaffa mellom anna kontaktinformasjon til sju-åtte årskull med tidlegare studentar.

God start

Saman med fleire av lærarane på instituttet har Homlong og Hjertenæs drege i gang det ein ønsker skal vere eit fruktbart nettverk for studentar som har teke og tar bacheloren i Planlegging og administrasjon

I november arrangerte dei den første samlinga ved Høgskulen i Volda – responsen vart så god som ein kunne håpe på. Rundt 15 tidlegare studentar tok del og det same talet av andre- og tredjeklassingar som studere no. Med tilsette og nokre andre gjestar var dei om lag 40 deltakarar til saman.

– Vi er svært nøgd med oppmøtet. Dette er noko heilt nytt som vi ikkje har hatt så lang tid på å spreie ordet om – sett i lys av det, er det ein god start, seier Hjertenæs.

– Verdt å få med seg

Han trur fleire av dei tidlegare studentane kan verte nyttige ambassadørar for alumninettverket. Tilbakemeldingane Hjertenæs fekk frå den gruppa var i alle fall gode. – Fleire av dei eg snakka med syntest at fleire dei kjende til burde ha vore der, for dette var «nyttig og vert det», meinte dei. Kanskje var det fleire av desse som ikkje visste kva det gjekk ut på, men som kan kome neste gong, seier Hjertenæs.

Med denne gode starten har ein no forsøkt å smi medan jernet er varmt og arrangørane har allereie datoen klar for neste samling: 6. november 2020. 

– Dei som var der antyda at tidleg i november var eit godt tidspunkt. Det passar også fint for dei som er studentar. Så no skal vi jobbe vidare mot den samlinga og bygge på det vi har gjort til no, fortel førstelektoren.

Delte karriereerfaringar

Noko han garantert tek med seg vidare til neste samling er suksessen med at tidlegare studentar fortel om si yrkeskarriere, korleis vegen dit dei har er i dag har vore og kva arbeidsoppgåver ein kan ha etter å ha studert Planlegging og administrasjon. Roy Aleksander Farstad snakka om si rolle som dagleg leiar i ein helseorganisasjon, Siri Beate Gjerde fortalde om sitt virke som bibliotekar i Ivar Aasen-tunet, medan Ole Magne Rotevatn, som er avdelingsleiar for utvikling i Herøy kommune, tok for seg korleis hans arbeidsplass tenker når dei tilsett nye arbeidstakarar.

I tillegg heldt kommunalsjef i Volda kommune, Jarl Martin Møller, eit innhaldsrikt innlegg om koplingar mellom offentleg sektor og næringslivet – og korleis desse kan endre seg i framtida i takt med at samfunnet endrar seg.

Vart igjen ein time over tida

Samlinga vart avslutta med ein sosial lunsj. – Det er eit godt teikn når deltakarar ikkje forsvinn etter at lunsjen er ferdig. Det var fleire som stod igjen, snakka og diskuterte i ein liten time etterpå, fortel Hjertenæs.

Han og kollegaene vil halde fram med å oppdatere Facebook-sida for nettverket, som no har om lag 150 medlemmar, med aktuelt stoff.
 

Del på