Populær og viktig konferanse

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Over 100 personar deltok tysdag på ein konferanse om læringsteknologi for ungdom med Asperger og Tourettes syndrom.

Silje Ims Lied i institutt for pedagogikk arrangerte denne konferansen saman med ei tverrfagleg prosjektgruppe som forskar på læringsteknologi knytt til elevar med AS/TS.

Prosjektgruppa består av representantar frå Møreforsking Molde, Høgskulen i Volda, Nasjonalt kompetansesenter for nevroutviklings-forstyrrelser og hypersomnier (NevSom), Sintef Digital, Ulstein kommune, Arena for læring om velferdsteknologi (ALV Møre og Romsdal), samt lokalforeiningane i Møre og Romsdal for brukarorganisasjonane Autismeforeningen og Norsk Tourettes Foreining.

Prosjektgruppa er initiert og leia av seniorforskar Lidun Hareide ved Møreforsking Molde.

I konferansen fekk ein til dømes presentert ulike funn frå prosjektet, ein fekk eit innblikk i kva utfordringar desse ungdomane kan møte i sin skulekvardag, og nokre tips om tilrettelegging i skulen . Ein fekk også presentert forsking knytt til spelbasert læring, og ei oppmoding om å nytte teknologi i undervisninga om det er det som viser seg å fungere godt for eleven.

Del på