Praksis på Heimebane gjev toppscore

Tekst: , Foto: Matias Myklebust/Motlys

- Oppdatert

Medieproduksjonsstudiet i Volda gjorde det rekordbra i årets studiebarometer. Ei av hovudårsakane er den gode praksisen. – Vi har fått svært gode tilbakemeldingar på innsatsen til Volda-studentane, seier Ramsdalen frå Heimebane.

Gjennom fleire år har Høgskulen i Volda bygd opp ei praktisk medieproduksjonslinje med mykje praksis, som skal gjere overgangen frå studielivet til arbeidslivet så lett og uanstrengt som mogleg. Morten Ristesund Steinnes er ein av medieproduksjonsstudentane som fekk jobbe på innspelinga av den andre sesongen av Heimebane.  

– Då eg kom til Heimebane visste eg allereie grunnprinsippa til korleis arbeidsdagane til ein produksjonsassistent kunne vere, fortel Steinnes. 

Då han byrja å jobbe med Heimebane hadde klassen allereie laga ein nett-serie. Då lærte Steinnes mykje om kva dei ulike rollane i ein slik produksjon inneber, og kva som er forventa at han skal kunne. 

– Det er kanskje vanskeleg å tru, men når eg samanliknar erfaringane frå nett-serien vår, og Heimebane, så var det mange likskapar.  Prinsippa var dei same, seier Steinnes. 

Steinnes opplevde derfor at han raskt og effektivt kunne hjelpe til med meir på Heimebane enn det som var forventa av han.  

Eit praktisk studie 

– Vi prøver heile tida å skape eit miljø og ein kultur som er så nært arbeidslivet som mogleg. Det gjer at studentane våre kan reise ut i praksis å vite at dei taklar jobben dei skal gjere, fortel høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, Jon Harman.   

At voldastudentane kan kastast rett ut i  arbeidslivet og gjere ein god jobb, bekreftar Magnus Ramsdalen som var linjeprodusent på Heimebane. Han var med på å tilsette studentane frå Volda til produksjonen serien. 

– Eg fekk svært gode tilbakemeldingar frå dei som arbeidde med studentane frå Volda. Samarbeidet vart ein stor suksess, derfor gjorde vi det på nytt med sesong to, seier Ramsdalen.

NRK_HEIMEBANE_STUDENT
Foto: Matias Myklebust/Motlys

 

Studentane er nøgde 

Den praktiske tilnærminga til studiet verker å gje gode resultat. For medieproduksjonslinja i Volda gjorde det ekstremt bra i årets studiebarometer. På spørsmålet om kor nøgde studentane er med studiet alt i alt, gav dei studiet 4,4 av 5 moglege poeng. Det er betre enn TV-produksjonslinjene i både Lillehammer og Bergen.  

– Mange synes det er  vanskeleg ute i arbeidslivet, men det er ikkje eigentleg det. Ein må berre øve! Og det er det dei skal få her, forklarar Harman. 

Gjennom det treårige studiet får studentane vere med på fleire ulike typar prosjekt. Dei lagar nett-serie, produserer og arrangerer direktesendingar av lokale idrettsarrangement og dei går ut i praksis rundt om i Noreg eller i utlandet. Slik får studentane øve på tempoet og utfordringane arbeidslivet vil by på når dei er ferdige med studiet.  

Studentane skal sjølvsagt òg få den teoretiske ballasten dei treng for å klare å løyse dei oppgåvene dei får. Teorilæringa er litt som å gøyme grønsakene i maten. Studentane vert kasta ut i eit praktisk prosjekt, for så å få den teoretiske påfyllinga dei treng undervegs i prosjektet.

Harman

At studentane gir studiet scoren 4,6 av 5 moglege poeng på formidling og undervisning, viser at studentane er særs nøgde med undervisninga dei får. Noko 2. årsstudent Andreas Hammerø Eide bekreftar. 

– Det følast eigentleg meir som jobb enn skule, på ein positiv måte, seier Eide.

Han og medstudentane Rebecca Heidenberg og Lisa Mari Myrene er no midt i planlegginga av tre web-seriar, to sportsarrangement og to konferansar. Dei er alle einige i at studiet gjev dei mykje erfaring og øving, samstundes som dei får hjelp når dei treng det. 

Nær kontakt med arbeidslivet 

På spørsmål om informasjon om, og tilknyting til arbeidslivet scora studiet òg høgt, heile 4,2 poeng. Dette overraska ikkje Harman sidan det er noko dei heile tida jobbar med å forbetre og vidareutvikle. 

– Globalt veit vi at praksis fører til jobbar, bransjen hyrar inn folk som kan ting. Det teoretiske er sjølvsagt viktig det òg, men ein må kunne bruke det ein har lært.  

Harman forklarar vidare at dei ofte er i kontakt med andre skular og bransjen, både i Noreg og gjennom kontaktar i utlandet. Det er viktig å sjå kva andre skular gjer, og å høyre frå bransjen kva dei ser etter når dei skal tilsette nye menneske. Slik kan undervisninga tilpassast så studentane lærar det bransjen faktisk treng.

Det har lønt seg. Fleire av studentane som var med på produksjonen av fyrste sesong av Heimebane jobba òg med den andre sesongen gjennom jobbar dei fekk etter utdanninga, i følgje Ramsdalen.

Steinnes er no i praksis i Untold Insight og Superblaise i Oslo. Her har han mange ulike oppgåver. Han er kameraoperatør, jobbar med pre-produksjon og skriv manus til korte reklamesnuttar. Takka vere det han har lært på medieproduksjon i Volda, klarar han å gjere alt dette.

Det kan vere vanskeleg å planlegge dagar når ingen dagar er like, men eg går heim med eit smil kvar einaste dag.

Steinnes

Regjeringa ynskjer tettare samarbeid 

Regjeringa ynskjer at studentar skal vere betre førebudd på arbeidslivet som ventar dei. I februar har Erna Solberg og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, møtt fleire universitetsrektorar og næringslivstoppar for å drøfte korleis samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet kan betrast. Konklusjonen var meir praksis i studia og eit næringsliv som involverer seg meir i utdanningane.  

– Eg trur faktisk vi er litt framfor ein del andre skular, sidan vi allereie i fleire år har gjort nettopp dette, seier Harman.

Del på