Professor Hagtvet vitjar Volda

Tekst: Terese Balsnes , Foto: Bjørknes Høyskole

- Oppdatert

Torsdag og fredag denne veka gjestar professor Bernt Hagtvet Høgskulen i Volda med ein forelesingsserie om makt, katastrofar og tragediar i politikken: «Kriseavgjørelser i det 20. århundre». 

Bernt Hagtvet er statsvitar, skribent og profilert debattant. Han er professor i internasjonale studium ved Bjørknes Høyskole og professor emeritus i statsvitenskap ved Universitetet i Oslo. Hagtvet sine faglege kompetanseområde er mellom anna komparativ politikk, europeisk politikk, menneskerettar, demokrati, ekstremisme og folkemord.  

Opne forelesingar og "Hjernefôr"

Det er Avdeling for mediefag ved forskingsgruppa «Mediene og det internasjonale samfunn» og Avdeling for samfunnsfag ved forskingsgruppa «Kulturmøter» som har invitert Hagtvet til Volda. Fredag er studentar og tilsette invitert til "Hjernefôr: fukost med Bernt". I tillegg til gratis mat, vert det samtale med Hagtvet som deler sine perspektiv på "alt mellom himmel og jord". Etter hjernefôr-arrangementet blir det presentasjon og signering av boka Ekko fra Spania. Den spanske borgerkrigen i norsk offentlighet. Boka er eit resultat av eit samarbeid mellom Hagtvet, Hans Fredrik Dahl og Rolf Werenskiold. Sistnemnde er professor ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.

Forelesingsserien startar torsdag morgon.

Del på