Rekordhøge tal for Nynorsksenteret

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Trafikken på nettsidene til Nynorsksenteret har auka kraftig i perioden med heimeskule. 

– I dei to første vekene med heimeskule var det kring 50 prosent høgare brukartal på nettsidene våre enn vanleg, fortel senterleiar Torgeir Parr Dimmen.  
I år var heile 26 000 unike brukarar innom nettsidene i mars. Dette er 9000 fleire enn same månad i fjor. Det har også vore god trafikk på nettsidene i april og mai. 

Nasjonalt senter

Nynorsksenteret er eit ressurssenter for skule og barnehage som held til ved Høgskulen i Volda. Senteret har eit nasjonalt oppdrag og har som overordna mål å styrke nynorsken si stilling i alle delar av landet. Senteret tilbyr kurs og gratis undervisningsopplegg for både nynorsk hovudmål og nynorsk sidemål. Over 1600 personar har meldt seg på nyhendebrevet som Nynorsksenteret sender ut kvar månad.

Dei tilsette ved Nynorsksenteret har jobba frå heimekontor sidan 13. mars. Dei har prioritert å oppdatere Facebook oftare enn vanleg med tips til ulike ressursar som finst på nettsidene Nynorsksenteret.no og Nynorskbok.no. På Facebook har Nynorsksenteret over 9000 følgjarar frå heile landet. 

– Vi synest det er flott at mange viser interesse for det vi tilbyr, seier Dimmen. 

Ressursar på nynorsk

Dei siste månadane har mange lærarar vore på jakt etter digitale ressursar på nynorsk. I tillegg har ein del lurt på kvar dei kan finne aktuelle, nynorske tekstar. Mange har også vore på jakt etter undervisningsopplegg som kan takast i bruk for elevar som har heimeskule. I slutten av april publiserte Nynorsksenteret eit heilt nytt undervisningsopplegg som er laga med utgangspunkt i boka «Brevet frå krigen» av Ingunn Røyset. 

– Dette opplegget er laga for heimeskule, men kan også gjennomførast i klasserommet. Vi har prøvd å lage ressursar som skal vere enkle å ta i bruk for både lærarar og elevar som har hatt heimeskule, fortel Dimmen. 

Digital hjelp

Nynorsksenteret har fått ein del spørsmål om korleis ein kan velje nynorsk i den digitale verda. Her finn du digitale tips frå Nynorsksenteret.

– Vi får tilbakemeldingar frå ein del foreldre i nynorskområde som opplever at svært mykje av det borna deira får servert digitalt, er på bokmål, seier senterleiaren.

Nynorskelevane må få sjå og bruke sitt eige språk i alle samanhengar der dei etter lova har rett til det. Særleg på skulen. Torgeir Parr Dimmen har skrive ei ytring om det her.

Del på