Rekordstor interesse for Animation Volda

Tekst: Per Straume , Foto: Joakim Riise

- Oppdatert

Aldri før har animasjonsfilmfestivalen Animation Volda fått tilsendt så mange filmar som ønsker å vere ein del av festivalprogrammet. – Det gir eit trongt nålauge og høgare kvalitet, slår studentane som arrangerer festivalen fast.

– Vi håper å få plass til om lag 70 filmar, fortel leiargruppa for Animation Volda, som er animasjonsstudentane Simon Oskar Brandal, Ingunn Hønsvall og Kyrre Walle Alstadhaug utgjer.

Når fristen no er ute har dei motteke 1616 filmar, som alle ønsker å vere ein av desse 70. Animation Volda er med andre ord svært populær for skaparar av animasjonsfilm. Og tendensen er absolutt stigande. Under rekordåret 2020 vart 1308 filmar sendt inn til Animation Volda – no overgår ein altså det talet ganske så klart. 

Godt namn og rykte

– Det er kjempegøy med så høg interesse for festivalen vår. Det viser at vi har skaffa oss eit godt namn og rykte og er interessante, strålar leiartrioen.

Festivalen, som har samfunnshuset i Volda som hovudlokasjon, arrangerast 23.–26. september. Den er drive av Volda-studentar, der animasjonsstudentane har eit spesielt ansvar. Dei gler seg til å be inn bygdefolket, andre studentar, barn og alle andre til ein festival med variert program.

Det skal blant anna dei om lag 70 filmane som blir vist på samfunnshuset sørge for.

– Det har vore litt av ein jobb å gå gjennom alle desse filmane og vurdere dei. Men vi fann oss heldigvis ganske fort eit system på det som vart ganske effektivt, fortel Brandal og held fram:

– Det har vore så spennande å sjå alle desse og er godt nøgd med det vi har fått inn. Det er stor variasjon i både tematikk og animasjonsteknikkar. 

HER KJEM PROGRAM OG BILLETTAR
 


Stor breidde

Filmskaparar frå Frankrike og USA står bak nesten ein tredel av filmane, resten er spreidd frå over heile verda. Filmane er laga av alt frå profesjonelle, studentar og til hobbyamatørar.

– Det er så mange ulike sjangrar, uttrykksmåtar og teknikkar, fortel festivalleiarane, og ramsar opp handteikna, dokker, klassisk animasjonsteknikk og skrekkfilm. I all hovudsak er det kortfilmar. 

– Vi har vore svært bevisst på å få med litt av kvart når vi har gjort utvalet og gått frå 1600 til 70 filmar. Vi ønsker at festivalen skal fenge mange og treffe flest mogleg.

Utanom filmprogrammet planlegg studentane i tradisjonen tru for interessante foredrag med internasjonale kapasitetar innan animasjon, barnas dag, sosiale aktivitetar og meir i og rundt samfunnshuset. 

For dei som ikkje har moglegheit til å oppleve festivalen fysisk i Volda, vil det vere mogleg å kjøpe ein digital billett som vil gi tilgang til filmane digitalt. 

Følg Animation Volda på Facebook og Instagram.

Ønsker fleire frivillige

Festivalen har behov for fleire frivillige som vil bidra i samband med festivalen. Arrangørane freistar med gratis festivalpass, ei unik moglegheit til å bli kjend med animasjonsbransjen, nye venner og mange fleire plussar.

Send ein e-post til leder.animationvolda@gmail.com om du ønsker å vere frivillig eller har spørsmål rundt det.

Les meir om animasjonsutdanninga i Volda

Del på