Rektor til nye studentar: It’s my life, it’s now or never

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Vennar for livet. Eit fellesskap som har målbunde ein inder. Lovnader om noko å finne på døgnet rundt og utdanningar som vil spele ei nøkkelrolle i framtida. Alt dette var noko av det som møtte nye studentar under opninga av studieåret i Volda.

Eit folkehav av nye studentar, saman med meir erfarne studentar som fadrar og tilsette ved Høgskulen i Volda (HVO), kjente på spenning då studieåret 2023/24 offisielt vart opna med seremoni.

Frå scena fekk studentane bli betre kjent med HVO sin nye rektor, Odd Helge Mjellem Tonheim, som med det debuterte med opningshelsing på første studiedag.

På ein varm og fin måte både roa, utfordra og ønskte han dei ferske studentane velkomen til studiebygda.

Om han ikkje lova dei fast arbeid når dei skal gå ut døra frå høgskulen med vitnemålspapira i framtida, garanterte han nærmast at dei vil bli viktige brikker i det norske samfunnet.

– For at velferdssamfunnet skal fungere treng vi lærarar, sosionomar, barnevernsarbeidarar, journalistar, korpsdirigentar og trenarar med meir. Høgskulen i Volda dannar grunnlaget for vår framtid ved å utdanne deg som skal forme hjarta og hovuda til unge, fortelje våre historier gjennom media, og ivareta sårbare i samfunnet vårt. 

– Kvar einaste utdanning ved Høgskulen i Volda spelar ei nøkkelrolle i å bygge eit samfunn som er opplyst, ivaretakande, samansveisa og berekraftig, og eg er stolt av å vere ein del av dette, sa Tonheim.

Sjå heile opningsseremonien under her:
 

Heilt spesielt fellesskap

For sju år sidan kom Kishore Gajendra til Volda som student frå India og høyrde på talen frå dåverande rektor Johann Roppen. Tysdag sto Gajendra sjølv på scena, no som volding og stipendiat ved Avdeling for mediefag. 

Han snakka til dei nye studentane, sjølv om responsen frå mora, ei svært talefør kvinne i India, var følgande då ho fekk beskjed om at Kishore skulle halde hovudtalen under opninga av studieåret: «Stakkars dei som må høyre på deg.». Sagt med eit glimt i auget.

I sine velmeinte råd til sonen la også mora til: «Viss ein utlending som du kan bli så glad i Volda, så kan alle andre også det.». 

– Ja, vi får sjå om eit par år om de er like glad i Sunnmøre som eg er, sa Kishore.
 

Studiestart2
Kishore Gajendra heldt ein underhaldande tale og fekk publikum med seg.

Han hugsar godt då han sto der sjølv som utvekslingsstudent for sju år sidan, og tidleg fekk ei heilt spesiell kjensle. Kjensle av eit fellesskap. Eit STERKT fellesskap.

– Det kunne eg kjenne inni meg, utan at eg kjente nokre andre studentar spesielt godt den første veka i Volda. 

Han la samstundes vekt på at eit slikt fellesskap ikkje kjem av seg sjølv, og at studentane må jobbe for det. Og også ta kontakt med lokalbefolkning. Sjølv har Gajendra fått seg mange nye vener og opplevingar på den måten.

– Eg såg fellesskap overalt, noko som var litt uvant for meg som utlending. Folk var berre så gira på å inkludere og ha det kjekt uansett kvar ein kom frå eller kva språk ein snakka. Ein treng ikkje vere ekstrovert for å vere ein del av fellesskapet, ein kan vere akkurat den ein er og delta i alt det gode, sa Gajendra.

– Engasjer deg!

Han vart takka av for ein tale som spelte på gode følelsar og eit Volda der folk bryr seg om kvarandre. Takken fekk han frå Ammy Bolme som var konferansier under seremonien. Bolme er leiar for Studentparlamentet i Volda og hadde sjølv nokre velvalde ord å kome med på ein slik dag. 

Ho oppfordra studentane til å ta i bruk høgskuleområdet og alle fasilitetane ein finn der. Ikkje berre for å lese, skrive og studere, men også for å vere sosial og ta ein prat i biblioteket og kaffi i kantina.

– Det er også her du kan møte våre mange studentorganisasjonar, spesielt no i Fadderveka. Om det er skriving i avis, planlegging av festivalar, sport eller studentpolitikk, så er Peikestokken, animasjonsfestivalen i Volda, Veka, Volda studentidrettslag, og Studentparlamentet nokre av alternativa.

– Men alt dette kan ikkje la seg gjere utan sterkt engasjerte studentar og lokale eldsjeler. Er det eitt godt råd eg vil gi de studentar, gamle som nye, så er det å engasjere seg.

Utforsk, var stikkordet frå Bolme. Sjølv om Volda er ei bygd, finnast det ei lang rekke av studentlag- organisasjonar, i tillegg til lokale lag og organisasjonar. 

– Kom innom studentorganisasjonane sine stands, bli med på arrangement som tur på fjellet, infomøter med gratis mat – som oftast pizza – og temakveldar på Rokken. Meld deg inn i dei forskjellige organisasjonane, ver sosial og skap minne. Til sjuande og sist er det dei minna du hugsar best.

 


Arrangement for alle

Minne med positive forteikn vil nok studentane få med fadrane sine gjennom fadderveka også. Fadderstyret avslutta opningsseremonien med å ta dei nye studentane inn i Volda-familien. 

Leiar for fadderveka, Marte Sørebø Pedersen, er spesielt opptatt av at alle skal bli sett. Det speglar også programmet dei har laga for dei neste knappe to vekene. 

– I år har vi valt å sette stort fokus på å ha alkoholfrie arrangement og arrangement som tillet alkohol side om side. Vi synest det er viktig å ha eit mangfald av ulike arrangement og aktivitetar, slik at alle kan føle at dei har ein plass å vere, uavhengig, sa Pedersen.

Ho oppmoda alle til å vere merksam og ta vare på kvarandre.

– I løpet av denne veka møter ein mange nye menneske, og ikkje ver redd for å ta kontakt med andre, tenk berre kor glad du hadde blitt om nokon tok kontakt med deg, avslutta Pedersen.

Og med det gjekk alle nye studentar ut i den store studieverda, kanskje nynnande på rektor si strofe som han lånte av Bon Jovi: «It's my life, it's now or never».

Del på