– Så lang er ein meter

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

For å hjelpe folk med å gjennomføre smittevernreglar i praksis, er det ein eigen smittevernpatrulje gåande på høgskulen. Dei skryt av måten studentar og tilsette følger smittevernråda på, men ser at det ikkje alltid er like enkelt å vite kor lang ein meter er.

– Eg vart overraska då vi lagde ein fysisk meterstokk. Den var mykje lenger enn eg trudde, seier Line Lauvsnes Oddekalv, kommunikasjonssjef ved Høgskulen i Volda (HVO).

Saman med resten av kriseleiinga ved HVO har ho stått i bresjen for at tilsette tar vakter og går rundt på høgskulen og ser kva som fungerer og ikkje av smitteverntiltak. Med seg har dei meterstokken, eit smil om munnen og kjem i prat med studentar og tilsette.

Vanskelegare når ein står

Ved inngangane i bygga på høgskulen vert ein møtt av ein gul sirkel som er klistra på golvet. Denne er ein meter i diameter og gir beskjed om avstanden ein skal halde til andre. I tillegg er det andre klistremerke på golv som minner om avstand og mykje informasjonsmateriell om smittevern som er hengt opp.

Oddekalv og Mikalsen
Kommunikasjonssjef Line Lauvsnes Oddekalv og rådgivar Tor Mikalsen er blant dei tilsette som har gått smittevernpatrulje.

– Folk er flinke. Vasking av og spriting av hender ser ut til å fungere godt. Å sitte med rett avstand i undervisningsrom og elles der et er målt opp ser heller ikkje ut til å vere noko problem. Men det er vanskelegare å praktisere avstanden med ein meter når ein er oppe og står og går. Det merkar eg godt sjølv også, seier Oddekalv.

Enklare å visualisere meteren

Difor er faddervekastyret no utstyrt med 150 meterstokkar, som er meir enn nok til alle faddergruppene. Desse er enkle å ha med seg og ei god påminning når praten går fort unna og ein har det kjekt saman.

– Med slike meterstokkar er det mykje enklare for oss å måle opp ein meter og heile tida visualisere avstanden vi skal halde, seier Ida Rindal, PR-ansvarleg for fadderveka.

Del på