SEANSE: Inspirasjon på kunstnartreff

Tekst: Kristian Glomnes Selon , Foto: Kristian Glomnes/SEANSE

- Oppdatert

Kva kan inspirere til kunstnerisk praksis? På kunstnertreff i regi av Seanse fortalte mellom anna Kjell A. Ingebrethsen Nordström at ei nudiststrand var med på å påverke ei karriere i å kle opp folk. 


Heile 45 personar tok turen til Volda for å delta og bli inspirert  i kunstnartreffet i regi av Seanse, senter for kunstproduksjon. Leiar for kultur-, næring og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal Fylke, Marit Nerås Krogsæter, opna treffet der kunstnarar og kunstinteresserte fekk både servering og innsikt i kva som kan inspirere til kunstnarisk praksis.

Kjell A. Ingebrethsen Nordström, tidlegare kjent under kunstnarnamnet Baron von Bulldog, designar og kostymeansvarleg til TV-produksjonane Maskorama og EXIT-serien, gjekk både personleg og humoristisk til verks då han fortalte om kva han meiner om inspirasjon og kreativitet. Dei fire mottakarane av MR-fylke sitt kunstnarstipend ga eit godt innblikk frå arbeidet under stipendperioda. 


Karstein Solli, kunstnarisk leiar i Seanse, gjorde oss kjent med tematikken og spørsmålet for treffet; «Kunstnarleg inspirasjon, kva er det?», før han introduserte talar for kvelden, Kjell A. Ingebrethsen Nordström.


Fin i tøyet og med mykje entusiasme delte Nordström frå livet sitt med både alvor og humor. Som til dømes episoder frå barndommen der han etter å ha feriert på nudiststrender vart inspirerte og  første spire til å kle opp folk vart sådd.

- Kreativitet heng ofte saman med korleis ein kan løyse problem på ein kreativ måte, sa Nordström. - Noko eg tenkjer er heilt feil, berre ved å høyre på orda problem og løysing, i grunn eit veldig negativt lada ord og ikkje noko kjelde til inspirasjon! Kreativitet tenkjer eg heng saman med ordet skaparglede og det er viktig når ein skal være kreativ. Også ordet glede seier seg sjølv, sa ein engasjert Nordström.
 

NRKs Arne Flatin intervjua deltakarar på kunstnartreff. Foto: Kristian Glomnes, Seanse.
NRKs Arne Flatin intervjua deltakarar på kunstnartreff. Foto: Kristian Glomnes, Seanse. 

Etter ei pause med mingling, kaffe, kake, radio- og TV-intervju frå både NRK og Nærnett, var det tid for å høyre på dei fire mottakarane av MR-fylke sitt kunstnarstipend og deira arbeid i stipendperioda. Camilla Wiik frå Møre og Romsdal Fylkeskommune presenterte kunstnarane i tur og orden.
 

 

Frå venstre: filmskapar Jan Otto Ertesvåg, forfattar og animasjon Elin Grimstad, Camilla Wiik frå kulturavdelinga Møre og Romsdal fylkeskommune, kunstnar og musikar Henrik Koppen, og forfattar Ann Helen Kolås Ingebrigtsen. Foto: Kristian Glomnes, Seanse.
Frå venstre: filmskapar Jan Otto Ertesvåg, forfattar og animasjon Elin Grimstad, Camilla Wiik frå kulturavdelinga Møre og Romsdal fylkeskommune, kunstnar og musikar Henrik Koppen, og forfattar Ann Helen Kolås Ingebrigtsen. Foto: Kristian Glomnes, Seanse.


Etter presentasjonane blei alle kunstnarane invitert opp til ein panelsamtale der senterleiar for Seanse, Marit Ulvund, og kunstnarisk leiar Karstein Solli leia samtalen om kva inspirasjon kan vere. Kvar kjem den ifrå? Slit ein med å bli inspirert? Kva utfordringar har det? 

Inspirasjon er veldig individuelt og ein kan få det når ein minst anar det. Forfattar Ann Helen Kolås Ingebrigtsen har fått mykje inspirasjon og tankar når ho går på fjelltur eller køyrer bil, Nordström får inspirasjon av det meste, men møte med barn og deira syn på livet er ei god kjelde. Forfattar og animatør Elin Grimstad hentar inspirasjon frå naturen og det som omgir oss. Karstein Solli seiar at han kan bli inspirert av readymades  og objekt som omgir oss i det daglege, til dømes brukte bildekk og gamle støvsugarar for å nemne noko.

Ambisjonen for eit slikt kunstnartreff er å skape ein møteplass for ulike kunstnarar i regionen til å bli betre kjent og for å inspirere til moglege samarbeide på tvers av kunstnariske sjanger og ståstad. Tilbakemeldingane frå dei som deltok  har vore fine med både interesse og entusiasme for dette treffet. Arrangør av Kunstnartreffet var Seanse – Senter for kunstproduksjon og Møre og Romsdal fylke. 

 

Del på