Sette pris på Fadderveke-styret

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Leiinga ved Høgskulen i Volda rosar måten fadderveka vart gjennomført på og overrekte tysdag Fadderveke-styret blomar og spanderte lunsj på dei. 

– Vi er så godt nøgd med den jobben styret for fadderveka har gjort at vi synest dette absolutt er på sin plass, seier rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, på veg inn til ein varm og nydeleg lunsj saman med resten av høgskuleleiinga og Fadderveke-styret.

Ein ispose det verste

Roppen var med å gi kvar og ein av dei seks som satt i styret for fadderveka i Volda i 2020 ein stor blomsterbukett som teikn på at høgskulen var den gode og viktige jobben dei har gjort.

– Dei var flinke til å heile vegen tenke smittevern først, og så korleis ein kan tilpasse arrangement etter dette. Undervegs har dei også dei forkasta planar og langs med vurdert risiko og tatt kloke avgjersler. Som andre skal fadderveka vere synonymt med ein trygg studiestart – og det føler eg ein har fått til på ein god måte i Volda i år, skryter rektoren.

I samband med studiestart og fadderveka i Volda har ein ikkje opplevd alvorlege hendingar i år.

– Det er vi svært glade for. Vi har ikkje registrert nokon ulykker eller politisaker. Det vi har fått vite om er bruk av ein ispose, og det må vi vel tole, smiler Roppen.

Nøgde studentar beste premien

Under lunsjen delte Fadderveke-styret av sine erfaringar med høgskuleleiinga. Styret har tradisjonelt sett hatt mykje å gjere med planlegging før og gjennom sommaren – dette har blitt toppa med koronasituasjonen i år.

– Det har vore mykje jobb, men den beste premien vi da kan få er alle tilbakemeldingar frå studentar om at fadderveka og studiestart har vore over all forventning, fortel Helena Heimer Rognstad, leier for fadderveka i Volda i år.

Ho og resten av styret naut maten og gode ord frå leiinga ved høgskulen. På ein slik dag er det i høgste grad lov å skryte litt av seg sjølv.

– Vi er stolt over det vi fekk til og hadde med oss ein super gjeng med fadrar som verkeleg sto på og ga av seg sjølve.

Ingen smitte

Så langt er det ein student i Volda som har blitt smitta av koronaviruset. Smitten vart knytt til Bergen og hadde ikkje noko med studiestart og fadderveka i Volda å gjere.

– Vi er glad for kvar dag som går utan smitte og så langt ser det veldig bra ut, konstaterer rektor Roppen.
 

Del på