Sjå fagdag om psykisk helse i opptak

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Onsdag 15. mai frå kl. 10.00 sendte vi fagdagen om psykisk helse med den anerkjende foredragshaldaren og professor emeritus i helsepsykologi Arne Holte direkte.

Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden i Volda er opptatt av folkehelsa, og ønskjer å sette psykisk helse på agendaen i sektoren. Fagdagen vart arrangert med støtte frå Helsedirektoratet. 

Fekk du ikkje delteke eller sett direktesendinga, kan du sjå opptaket her!
Eller laste ned presentasjonen her

 

 

 

Arne Holte er ein nestor i faget helsepsykologi i Noreg og ein kjend foredragshaldar. Under fagdagen vil du få eit krasjkurs av Holte, der han presenterer dei sju viktigaste prinsippa for å fremje god psykisk helse. Han vil vere folkehelseroientert, og blant anna setje i samanheng kor viktig psykisk helse er og kva psykiske problem kostar samfunnet. Det er lagt opp til dialog og spørsmål frå deltakarane, og sett av god til dette. 
 

Del på