Slik blir det nye, moderne auditoriet

Tekst: Per Straume , Foto: Illustrasjon: AG Plan og Arkitektur AS

- Oppdatert

I løpet av 2020 vil eit nyskapande auditorium med all nødvendig teknologi og gruppebord i staden for tradisjonelle rekker med stolar stå klart ved Høgskulen i Volda.

Det nye auditoriet, som har fått namnet Veksel-Strøm, skal bli heilt omgjort frå dagens Strøm-auditorium og kostast på 6 millionar kroner. Kunnskapsdepartementet har gitt løyving på 3 millionar og Høgskulen betalar 3 millionar sjølv.

Strøm-auditoriet har i dag 196 sitteplassar. Det er sjeldan heilt fullsett og høgskulen har også eit anna stort auditorium for dei verkeleg store samlingane.

Godt utstyrte gruppebord

Veksel-Strøm skal ha 12 gruppebord med plass til seks-sju studentar. Kvar av desse gruppeborda vert utstyrt med AV-utstyr. Ved gruppeborda er det ein felles skjerm som studentane kan kople til eige utstyr. Kvar gruppe har også mikrofon/høgtalar/kamera og «rekk opp handa funksjon» som gjer at dei kan få kontakt med undervisar og snakke i plenum. Det vert også lagt til rette for trådlaus deling internt i gruppene og frå gruppene til plenum.

Vekslel-Strøm
Illustrasjon: AG Plan og Arkitektur AS

Alt i eitt

– Det skal vere enkelt å bytte mellom gruppe- og plenumundervisning. Med denne løysinga slepp studentane å spreie seg over heile campus på jakt etter grupperom når dei vert bedne om å arbeide i grupper – i dette auditoriet har ein alt i eitt, forklarar Roy Inge Nupen, overingeniør ved Høgskulen i Volda.

– Vil det ikkje bli veldig mykje støy med 12 gruppebord?

– Akustikken i rommet blir tilpassa slik at det skal vere behageleg å vere der sjølv med aktivitet ved alle 12 gruppeborda, svarar Nupen.

Ut på anbod

Ein har i prosjektet lagt vekt på at det skal vere lett å tilkalle læraren for å få rettleiing, og det skal vere enkelt å rettleie frå kateteret.

Ombygginga er no lagt ut på anbod og høgskulen søker etter generalentreprenør. Prosjektet omfattar bygningsmessige arbeid i Strøm auditorium, inkludert elektrisk arbeid, føringsveier for infrastruktur og ventilasjon. Frist for å levere inn anbod er 3. mars. Les meir om det her.
 

Del på