Slik blir studiehausten 2020

Tekst: Per Straume

Alle studentar ved Høgskulen i Volda vil i haustsemesteret få minimum halvparten av undervisninga med fysisk oppmøte på skulen. Sjølv om det betyr undervisningstimar litt lengre utover dagen, er prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim overtydd om at løysinga er ein klar fordel for studentane.

Smitteverntiltak gjer at ein må gjere litt om på undervisninga for hausten 2020 ved Høgskulen i Volda. Krav til større avstand mellom folk gjer at undervisningsromma knapt kan huse halvparten så mange som normalt.

Difor har ein inngått avtalar om å leige lokalar utanfor høgskuleområdet, som Studenthuset Rokken og Uppheim, for å få plass til mest mogleg undervisning med fysisk oppmøte. Dette er lokalar som kan samle store klassar som til dømes Sosialt arbeid barnevernspedagog og sosionom. Store klassar kan også Idrettsbygget huse, som ein i fem veker i starten vil gjere om til eit stort klasserom, der det vil vere plass til 90 studentar samtidig.

LURER DU PÅ NOKO OM STUDIESTART HAUSTEN 2020? SJÅ HER!

Timeplanen klar

Samstundes som ein utnyttar all romkapasitet på høgskulen til det fulle, har ein no kome fram til løysingar som høgskuleleiinga er godt nøgd med, koronasituasjonen tatt i betraktning.

Odd Helge Mjellem Tonheim
Prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim

– Vi har klar timeplanen for dei fire første vekene, og i starten av august vil timeplanen for heile haustsemesteret kome på plass. Det er gledeleg at alle studentar som normalt skal ha undervisning med fysisk oppmøte, vil få minimum 50 prosent av dette. Totalt vil ein stad mellom 50 og 70 prosent av undervisninga skje fysisk på høgskulen, og vi prioriterer førsteårsstudentane, fortel prorektor Tonheim.

For å få til dette har ein berekna ny kapasitet på kvart einskild undervisningsrom med regelen om ein meters avstand som rettesnor. 

Lengre dagar

Ønsket om mest mogleg undervisning med fysisk oppmøte på høgskulen, gjer at ein må «strekke» skuledagen litt. Den normale undervisningstida i haustsemesteret vil difor vere klokka 08.30-18.15.

Om ein skulle ha starta dagen klokka 09.00 og avslutta 15.00 som har vore normalen tidlegare, ville ein berre ha klart å ha gjennomført 25 prosent av undervisninga fysisk.

– For å få kabalen til å gå opp har vi valt å gjere det slik. Vi meiner dette er til det beste for studentane, seier Tonheim.

Stort utbytte av fysiske møter

Prorektoren og resten av leiinga har eit sterkt ønske om at studentane skal ha det best mogleg både på og utanfor skulen. Difor har dei prioritert å få til mest mogleg undervisning saman i undervisningsrom.

– Vi er veldig opptatt av alle studentar skal ha eit fysisk undervisningstilbod, og det får vi til i store monner no. Det er noko eige å møte faglærarane og medstudentane sine og snakke med ei auge til auge. Vi har trua på fysisk interaksjon, og vil at studentane skal nytte seg av grupperomma, ta turen innom kontoret til faglærarane eller møte dei andre stadar på campus, seier Tonheim, og peikar på at dette også vil lette kommunikasjonen i digitale kanalar.

Tonheim er sikker på at ein har kompetanse ved høgskulen som også vil gjere den digitale delen av undervisninga svært god. 

– Skal vere trygt

Ønsket om et høgskuleområde med liv frå midten av august av står sterkt. For at det skal følast trygt å ferdes der, skal alle studentar gå gjennom høgskulens smittervernrettleiar før dei tek til på skulen. Det er eit lite digitalt kurs som alle studentar vil få informasjon om på e-post før studiestart.

– Vi gjer alt vi kan for at alle studentar som kjem til Volda skal få det bra. Vi har dialog med kommuneoverlegen, og det skal vere trygt å komme hit til høgskulen, forsikrar prorektoren med eit smil om munnen. 
 

Del på