Snart skal dei ta det store valet

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

Tysdag og onsdag denne veka inviterte Høgskulen i Volda avgangselevar i vidaregåande opplæring og folkehøgskular i Møre og Romsdal og Vestland til Utdanningsdagane 2022.

Elevane har fått utforske kva studietilbod høgskulen tilbyr, snakka med faglærarar og studentar, og kanskje funne ut kva retning dei ynskjer å gå innan yrkes- og utdanningsval.

Johann Roppen
Elevane fekk ein varm velkomst av rektor Johann Roppen under Utdanningsdagane. Foto: Lene Mo Flataker.

– Føremålet med Utdanningsdagane er å gi elevar i vidaregåande opplæring kunnskap og informasjon om framtidig utdanning og yrke. Mange av desse avgangselevane kjem til å søkje høgare utdanning til våren. Det er også viktig å vise tilgjengelege utdanningsretningar i Møre og Romsdal, seier prosjektleiar Torill Engeseth.

Høgskulen i Molde var også til stades på Utdanningsdagane i Volda då dei har utdanningar som Høgskulen i Volda ikkje tilbyr.

– Vi er svært glade for at elevane ved så mange skular kjem til Høgskulen i Volda. Om lag 850 elevar har besøkt Utdanningsdagane over to dagar, legg Engeseth til.

Utdanningsdagane 2022
Studentar i mustikk ved Høgskulen i Volda framførte musikalske innslag under Utdanningsdagane 2022. Foto: Karl August Swanstrøm.

Overraska over jobbval etter studium

Tiril Birkeland frå Ulstein vidaregåande skule valde å besøke grunnskulelærarutdanningane, idrett og friluftsliv og helse- og sosialfag.

– Eg er veldig usikker på kva eg skal velje, og har ikkje bestemt meg heilt enda på kva eg vil studere. Men det er interessant å høyre på det dei fortel om dei ulike studiuma og det er kjekt å få slike inntrykk.

Tiril Birkeland
Tiril Birkeland frå Ulstein vidaregåande skule seier Utdanningsdagane hjå Høgskulen i Volda gav kjekke inntrykk. Foto: Lene Mo Flataker.

Ein ting overraska Birkeland då ho besøkte helse- og sosialfag, der sosionom og høgskulelektor Kristin Ljoså Sørheim og barnevernspedagog og studieprogramansvarleg Betina Haug Olson gav elevane ei innføring i studiekvardagen - og jobbmoglegheitene i etterkant.

– Eg visste ikkje kor mange jobbval ein kan velje mellom etter at ein har fullført studiumet. Det var mange fleire enn eg trudde.

Har du ein bachelorgrad i sosialt arbeid, for eksempel sosionom, kan ein nemleg arbeide i alt frå barnevernstenesta, eldreomsorg og kriminalomsorg, til sjukehus, førebyggande arbeid og arbeidsinkludering.

Vil bli spesialpedagog

Ingeborg Rougnø, også få Ulstein vidaregåande skule, viste stort iver då besøkte grunnskulelærarutdanningane. Sjølv har ho dysleksi, og vil utdanne seg til å bli spesialpedagog på vidaregåande skule.

Ingeborg Rougnø
Ingeborg Rougnø har dysleksi, og vil bli spesialpedagog for å hjelpe andre i same situasjon. Foto: Lene Mo Flataker.

– Eg ser sjølv kva manglar lærarar kan ha når det kjem til spesialpedagogikk. Min store draum er å endre på heile denne utdanningsbiten i spesialpedagogikk til lærarane.

Høgskulen i Volda har 61 studietilbod innan grunnskulelærarutdanning.

Brukar tidlegare lærarar som motivasjon

Masterstudentane Synnøve Tangen og Vibeke Rødal er inne i sitt siste år i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. trinn, og fortalde elevane kvifor dei bli lærarar.

– Eg hadde ikkje tenkt å bli lærar, sidan eg hadde meir lyst til å jobbe med menneske. I løpet av eit år eg hadde i Bergen fann eg likevel ut at det var lærar eg ville bli, og eg har hatt mange flinke lærarar som eg har brukt som motivasjon, seier Tangen.

Synnøve Tangen og Vibeke Rødal, masterstudentar i grunnskulelærarutdanning 5.-10.
Synnøve Tangen (t.v.) og Vibeke Rødal er masterstudentar i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. trinn. Foto: Lene Mo Flataker.

– Eg er glad i born, og har veldig lyst til å motivere dei til å kome seg gjennom skulegangen. Kvardagen som både student og lærar er veldig variert, og det er mykje ein skal setje seg inn i. Så er jo også studentmiljøet her heilt ypperleg, legg Rødal til.

Gode på utveksling

Høgskulen i Volda samarbeider med universitet og høgskular over heile verda. Ved å velje Volda, avgrensar du deg med andre ord ikkje til Sunnmøre.

Ifølgje rådgjevar Kari Sømme på Internasjonalt kontor er målet til høgskulen at alle studentar som tek ei bachelorgrad skal ha moglegheita for utveksling i utlandet.

– Her ved Høgskulen i Volda er vi så veldig gode på dette med utveksling. Det er noko som vert prioritert. Det er ein sjanse til å reise til ein ny plass, oppleve ein annan kultur og få vener frå heile verda, samtidig som du får studiepoeng til graden din. Og dette er ein sjanse ein bør gripe, seier Sømme.

Vidare fortel ho at tilbakemeldingane frå Høgskulen i Volda sine studentar som oftast er positive, og dei oppfordrar også andre til å ta sjansen.

Kari Sømme
Rådgjevar Kari Sømme på Internasjonalt kontor hjelper studentane ved Høgskulen i Volda med å reise ut i verda på utveksling og praksis. Foto: Lene Mo Flataker.

Frå 1. februar til 15. april kan du søkje høgare utdanning for studieåret 2023/2024. Klikk her om du vil lese meir og utforske kva studietilbod Høgskulen i Volda tilbyr.

Del på