Søk deg inn fadderstyret no

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Har du lyst å bidra til at fadderveka ved Høgskulen i Volda i 2021 blir heilt magisk? Då kan du søke på eit av deg seks verva i faddervekestyret fram til og med 21. februar.

Ikkje berre får du vere med på å lage ei fadderveke som vil gi mykje moro, men også viktig arbeidserfaring som er fint å ha på CV-en. 

Faddervekestyret består av seks verv: 

Leiar – leiar og koordinerer arbeidet, og held dialogen med Studentparlamentet, Høgskulen og Samskipnaden 
Nestleiar – avlastar leiar og resten av styret, er styrets multitasker 
Arrangementsansvarleg – hovudansvar for programmet
Fadderansvarleg – hovudansvar for alle fadrane og faddergruppene 
Sponsoransvarleg – sikrar avtalar med sponsorar og har hovudansvar for innkjøp og økonomi 
PR- og multimedieansvarleg – hovudansvarleg for promotering og grafisk design

Alle verva har ulike ansvarsoppgåver før, under og etter Fadderveka. Eit godt samarbeid på tvers av verva er ønskeleg og nødvendig for å lage den beste studiestarten for nye og gamle studentar ved Høgskulen. 

HER KAN DU LESE MEIR OM DEI ULIKE VERVA OG SØKE

Verva i Faddervekestyret er honorerte med 10 000 kroner for leiar og 5 000 kroner for dei andre verva i styret. Honoraret blir utbetalt som ein eingongssum etter innlevert evalueringsrapport i oktober.

Om dette er noko for deg, håpar vi du søkjer! 

Har du spørsmål om Fadderveka, ta kontakt med nokon i Arbeidsutvalet til Studentparlamentet eller send ein e-post til: studentparlamentet@hivolda.no 

Følg Fadderveka på Facebook og Instagram
 

Del på