Søk utveksling før 1. mars

Tekst: Per Straume , Foto: Elen Haksø Burleigh

Interessert i å studere i utlandet til hausten? Hugs å søk om utveksling før 1. mars!

Høgskulen i Volda (HVO) ønsker å leggje til rette for utveksling så sant dette er mogleg og opnar derfor for at studentar kan søkje om eit semester i utlandet til hausten. 

Å reise på utveksling gir ei unik moglegheit til å bu ein lengre periode i utlandet, og til å fordjupe seg innanfor eit fagområde. Ofte kan våre avtalepartnarar tilby fag som ikkje er tilgjengelege her i Volda. 

– Vi håper at situasjonen i verda betrar seg slik at utveksling blir meir aktuelt enn det har vore det siste året. Det er framleis ein viss fare for at utveksling vert avlyst til enkelte land, så alle som søkjer utveksling bør ha ein plan B i bakhand, seier leiar for Internasjonalt kontor Arne Humberset. 

HVO har samarbeidsavtalar med meir enn 100 institusjonar fordelt på om lag 40 land rundt om i verda. Avhengig av kva studie du tek, kan du som student ved HVO velje mellom mange universitet i Danmark, Storbritannia, Hellas, Japan, USA og ei rekkje andre land.

Hjelp til søknad

Dersom du ikkje er heilt sikker på om du vil reise ut, eller kanskje ikkje har bestemt kvar du vil reise, kan du lese meir om utveksling ved HVO på våre nettsider.

Hugs søknadsfrist 1. mars!

Internasjonalt kontor vil sjølvsagt hjelpe til med søknadsprosessen. Du kan også bestille rettleiingstime hos internasjonalt kontor for råd i samband med søknaden din.
 

Del på