Spanske Erik: – Glad for at eg studerer i Volda no

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Erik Hayes smilte godt av servicen med gratis matservering utanfor studenthybelen på Porse. Like fornøgd er spanjolen med undervisninga og eksamensordninga han får i Volda under koronaepidemien, som ifølge Hayes er langt betre enn i heimlandet.

Hayes var ein av dei som møtte opp da Velferdsgruppa ved Høgskulen i Volda freista med ferske kanelbollar og god drikke utanfor studenthyblane på Heltne og Porse og i Uppheimsparken. I t-skjorte og shorts tok han turen ut frå hybelen i det som minna meir om vinter enn vår. Kanskje eit teikn på at snart eit år som student i Volda har påverka den varmblodige spanjolen litt.

Kome seg ut

Påverka har han, som alle andre, også blitt av koronaviruset. Men framand i eit nytt land er ikkje eit veldig stort problem, føler Erik. Han kjenner seg trygg i Volda.

– Koronasituasjonen er jo mykje verre heime i Spania. Her i Volda kan vi kome oss ut, gå turar og sjå folk. Det er stor skilnad frå korleis det har vore og er i Spania, seier Hayes, som saman med andre internasjonale studentar i Volda har planar om å sjå meir av Noreg før han har returbillett til heimlandet i august.

Hyllar digital undervisning og eksamen

Før det skal han gjere seg ferdig med eksamenane som han leverer over nett – frå Volda. Journalistikkstudenten har som alle andre studentar i Noreg opplevd at all fysisk undervisning har blitt avlyst og flytta over til digitale løysingar. Sjølv tynnkledd og i få varmegrader bobler Hayes over av energi og varme når han snakkar om korleis han har opplevd denne omlegginga.

– Det har gått over all forventning. Det er tydeleg at ein er flinke på digital undervisning og legge til rette for det i Volda og Noreg. Eg har hatt fleire personlege møter på video med lærarane mine og får god oppfølging, seier Hayes.

Eksamensboost
Erik Hayes forsyner seg med kanelbolle og god drikke som studentrådgjevar i Studentsamskipnaden i Volda, Eli Anne Løksa, byr på.

Det er nesten stikk motsett av det han høyrer frå venner som studerer heime i Spania. Det same gjeld også for fleire andre land i Europa der han kjenner folk som studerer.

– Eg høyrer at dei får tilsendt nokre dokument som dei skal lese på og ikkje meir enn det. Og så får dei ein minieksamen og lærer ikkje stort av dette. Eg føler derimot at eg har lært mykje og fått godt utbytte av undervisninga sjølv om koronasituasjonen kom. I Noreg verkar det som om ein har vore forberedt på ein slik situasjon i motsetning til i Spania, seier utvekslingsstudenten før han tek med seg kanelbollen og ruslar mot varmare strøk inne på hybelen:

– Få med at eg elskar kanelbollar og at dette var eit flott tiltak.  

Omsorg for studentane

Den siste setninga frå spanjolen går rett heim hos Ingunn Teigen Blindheim. Studentrådgjevaren ved HVO er ein del av Velferdsgruppa som stelte i stand arrangementet Eksamensboost pop-up. Med ein varebil full av kanelbollar, godt mineralvatn og gode eksamenstips til studentane reiste dei rundt på studenthyblane og stoppa også i sentrum av Volda.

– Vi ønsker å gi studentane ei oppmuntring i eksamensperioden, samtidig som dei får gode eksamenstips som vi har samla på eit ark. Vi ønsker å vise at vi bryr oss om studentane og er opptatt av at dei har det bra, seier Blindheim.

Ingunn Blindheim
Studentrådgjevar Ingunn Teigen Blindheim tok seg god tid til å snakke med studentane som møtte opp.

Ho og kollegaane har gjennom fleire kanalar spurt studentane om kva dei saknar i den spesielle tida vi er inne i.

– Små avbrekk og hyggelege samlingar har fleire etterlyst, fortel Blindheim.

Og det såg det absolutt til at dei frammøtte fekk, der praten gjekk livleg for seg mellom bitane dei ivrig fekk i seg av velsmakande bollar.
 

Del på