Stabile søkartal for Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume

Høgskulen i Volda opplever stabile søkartal gjennom Samordna opptak. Mot den nasjonale trenden vil fleire utdanne seg til å bli lærarar for 1.-7. trinn i Volda, og dei mest populære studia vil det bli ventelister på.

I dag blei søkartala frå Samordna opptak offentleggjort. Dei syner at Høgskulen i Volda (HVO) har om lag like mange søkarar som fjoråret. 1092 søkarar har eit utdanningsval ved HVO på førsteplass i år, medan talet var 1131 i 2022. Også på landsbasis er søkartala omtrent likt med fjoråret, med ein knapp oppgang på 0,76 prosent. 

Lyspunkt i lærarmørket

Nasjonalt går søkartala til lærarutdanningane nok eit år nedover – og det ganske så kraftig. På landsbasis er det lærarutdanningane som blir straffa hardast av alle utdanningane av søkarane.

Men det ser langt lysare ut for HVO. For Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn har HVO drygt 5 prosent fleire søkarar enn i fjor, mens landsnittet er ned med 22 prosent. Det er 13 høgskular og universitet som tilbyr denne utdanninga, berre tre har ei auke frå fjoråret, og HVO er nest best i klassen.

Grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn har ein nedgang i søkarar på 35 prosent frå 2022 på nasjonal basis. Ved HVO er nedgangen på 14 prosent, berre Høgskulen i Innlandet har lågare nedgang målt mot året før av dei 13 institusjonane. 

– Vi er glade for at fleire søker seg til grunnskulelærar 1-7 og at Volda har ein solid posisjon som lærarutdannar, seier Johann Roppen, rektor ved HVO. – Samstundes er det ingen tvil om at nedgangen i søkartala til lærarfaga, inkludert barnehagelærar, har blitt ein trend og ei nasjonalt utfordring. 

Populære mediefag

Den kanskje mest kjende utdanninga ved høgskulen, journalistikkutdanninga, er i år som tidlegare populær blant søkarane. Med 160 førstevalssøkarar, nesten tre søkarar per studieplass, blir det som vanlig tor konkurranse om plassane.

Dei andre bachelorgradene i mediefag har også svært positive tal for året. Medieproduksjon har utvikla seg til å bli eit populært studium og har 18 prosent fleire søkarar målt mot fjoråret. Akkurat same oppgang opplever den internasjonalt kjende animasjonsutdanninga, som har nærmare 3,5 søkarar per studieplass. PR, kommunikasjon og media opplever også et godt søkar-år og er opp 33 prosent frå 2022.

– Det er kjekt å sjå at det er vekst for dei ulike medieutdanningane. Tala stadfestar at Volda framleis er synonymt med medieutdanning, kommenterer Roppen.

Slåst om plassane på Friluftsliv

I år som så mange år før er årsstudiet i Friluftsliv det studietilbodet ved HVO som har flest søkarar per studieplass: Det er nesten seks søkarar som «slåst» om kvar studieplass i år. Dette er det høgaste talet ved HVO, og noko som tradisjonelt plasserer høgskulen i noregstoppen.

Det er årsstudia som får flest søkarar på Avdeling for kulturfag, som Friluftsliv sorterer under. Her er det oppgang for både Musikk, Design, kunst og handverk, Teater og drama og Idrett og kroppsøving, med fleire søkarar enn i fjor. Litt færre søker seg til bachelorprogramma, men også her er søkartala ganske stabile.

HVO følgjer nasjonal barnevern-trend

Tradisjonen tru er det mange som ønsker å bli sosionom. Bachelorprogrammet Sosialt arbeid, sosionom, er med 119 søkarar utdanninga med nest flest søkarar etter Journalistikk ved HVO. Det betyr at det i år igjen er mange som blir ståande på venteliste til denne utdanninga. 

Sosialt arbeid, barnevernspedagog har ofte brukt å følge dei same trendane som sosionomutdanninga, men har i år ein nedgang frå 82 søkarar i 2022 til 53 i 2023. 

– Vi vart først litt overraska over nedgangen, men ein kikk på dei nasjonale søkartala viste oss at dette var likt over heile Noreg. På nasjonal basis er barnevernsutdanninga av dei som går mest ned frå fjoråret. Det vil kome eit krav om mastergrad for barnevernstilsette frå 2031, kanskje kan det ha spelt inn på det desse tala, seier Roppen.

Stort lokalt opptak

Da er det desto meir gledeleg at nyvinninga masterprogrammet i Barnevernsarbeid, som startar opp for første gang til hausten, har fått 59 søkarar til 20 studieplassar.

HVO har også et lokalt opptak der søknadar til alle masterprogramma , samt alle etter- og vidare utdanningstilboda til høgskulen blir behandla. Det lokale opptaket er ikkje knytt til Samordna opptak på nokon måte.

Det lokale opptaket er der majoriteten av HVO-studentane kjem frå. Per i dag har det lokale opptaket om lag 2230 søkarar med ei HVO-utdanning på førsteplass. Altså godt og vel det doble av søkarmassen frå Samordna opptak.

– Etter- og vidareutdanningane våre er ein viktig del av studietilbodet vårt – som desse tala slår fast. Mange av desse tilboda har opptak fortløpande fram til studieprogramma er fullteikna eller seinast 1. august. Det same gjeld fleire av masterprogramma, som framleis har noko ledig kapasitet, seier Roppen.

Sjå alle studietilboda ved HVO her.
 

Del på