Statsbudsjettet: Betre enn frykta, men framleis i minus

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Kutt i rekrutteringsstillingar (stipendiatar), nedgang i totalramme for høgskulen og framleis kutt i studieavgift for studentar som kjem frå land utanfor EU/EØS, er stikkord for eit budsjett som går i minus for Høgskulen i Volda.

I forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram fredag får Høgskulen i Volda (HVO) ei løyving på drygt 457 millionar kroner. Det er ei auke frå fjorårets tal på 435 millionar kroner, men samstundes 6 millionar kroner mindre enn det en kan forvente når ein legg til forventa prisvekst. 

– Det er eit minusbudsjett for oss, noko vi ikkje er nøgd med. Vi frykta at det kunne bli enda verre med tanke på at dei 100 ekstra studieplassane vi fekk under koronapandemien no er blitt trekt tilbake, men det er likevel eit budsjett under pari for oss, seier Odd Helge Mjellem Tonheim, rektor ved HVO.

Støttar ikkje opp om forsking

I tillegg til dei nemnde studieplassane, trekker også regjeringa tilbake pengar knytt til rekrutteringsstillingar, som i denne samanheng betyr stipendiatstillingar. Høgskulen fekk auka løyvingar til slike stillingar under koronapandemien, men i forslaget til budsjett for 2024, trekker regjeringa tilbake 3 millionar kroner frå den posten.

Høgskulen har hatt ei spesiell satsing på nye stipendiatstillingar dei siste åra, men ser at det no ikkje blir enklare framover.

– Dette budsjettet er ikkje med på å løfte framtidig forsking hos oss, heller stikk motsett. For å oppretthalde gode fagmiljø og auke forskingsaktiviteten vår, er vi avhengig av rekruttering av forskarar. Det hjelper ikkje det foreslegne budsjettet oss med, slår Tonheim fast.

Kuttar i mangfald

Regjeringa held oss også fram med kuttet i løyvingar til studiestøtte for studentar som kjem frå land utanfor EU/EØS og til Norge for å studere. Dette rammar også Høgskulen i Volda.

– Det var forventa at dei vil halde fram med desse kutta. Vi går litt i minus på det, men først og fremst synest eg det er trist for mangfaldet i sektoren. Vi er svært glad for å ta imot utanlandske studentar og det dei tilfører oss, men ser at det dessverre nok vil bli færre av dei i åra som kjem.
 

Del på