Stem på din kandidat til Høgskulestyret

Tekst: Tor Mikalsen

- Oppdatert

Valet av studentrepresentantar til høgskulestyret startar fredag 30. september. I år er det fem nominerte kandidatar å velje mellom.

Sjå alle kandidatane her.                 Klikk her for å avgi stemme

Kalenderhending her

Korleis stemme

I perioden 30. september til 10. oktober kl. 14.00 skal det veljast to faste studentrepresentantar, samt to vararepresentantar.

Studentane kan stemme på éin kvinneleg og éin mannleg kandidat.

Valet går føre seg via Nettskjema, pålogging med Feide.

 

Viktige saker

Ein studentrepresentant i Høgskulestyret får vere med å bestemme viktige saker på høgskulen. Høgskulestyret har om lag sju møter i året og studentrepresentantane blir vald for eit år om gongen.

Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir driven effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.

Del på