Stem på favoritten din til Høgskulestyret

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Frå 30. september kan alle studentar ved Høgskulen i Volda stemme på kandidatane dei ønsker skal sitte i høgskulestyret. Stem og ver med på å påverke studiekvardagen!

Valet av studentrepresentantar til høgskulestyret startar torsdag 30. september. I år er det sju nominerte å velje mellom.

Sjå alle kandidatane her.

Korleis stemme

I perioden 30. september til 12. oktober kl. 14.00 skal det veljast to faste studentrepresentantar, samt to vararepresentantar.

Studentane kan stemme på éin kvinneleg og éin mannleg kandidat.

Valet går føre seg via Nettskjema. Studentane vil få tilsendt ein link til valet i student-e-posten din 30. september, logg deg på her: e-post studentar.

Sjekk gjerne søppelpost eller ta kontakt med valgstyret dersom du ikkje har fått eposten. 

 

Viktige saker

Ein studentrepresentant i Høgskulestyret får vere med å bestemme viktige saker på høgskulen. Høgskulestyret har om lag sju møter i året og studentrepresentantane blir vald for eit år om gongen.

Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir driven effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.

Del på